nyhende
Ber spesielt om at ungdomen føl smittevernreglane:
– Enkelte vegrar seg for å gå forbi store grupper
Den siste tida har dei tilsette på Coop Extra Sveio annleis bemanning når skulen sluttar. Butikksjefen håpar at vaksne rundt ungdomen i Sveio kan vera med og gjera dei meir bevisste på smittevernreglane – for alle si tryggleik.
Sist veke kom det nye retningslinjer til folket frå regjeringa i samband med pandemien me står i. Det merkar butikksjef Renate Larsen godt, for handlevanane er i endring. No er det tilbake til at fleire handlar stort éin gong i veka.
Skal vera trygt for alle
– Nokre har begynt å handla sjeldnare, men meir, og nokon handlar for andre, slik me såg i mars, seier Larsen.
Pandemien har gitt større omsetnad på grunn av mindre handelslekkasje, men også ekstra utgifter til sprit, reinhald og bemanning.
Dei tilsette er opptekne av at alle skal få handla i trygge omgjevnadar, og har derfor halde fram med rutinar med vasking av kontaktflatar éin gong i timen.
Éin meter avstand
– I vår butikk kan me vera 80 stykk om gongen, inkludert personale, og det skal vera mogleg å halda éin meter avstand til andre, seier Larsen.
Dei fleste vaksne og større barn er bevisste dette, men når ungdom samlar seg i grupper i butikken, blir det vanskeleg å ivareta kundane som verkeleg er bekymra for koronasmitte.
Snakk med ungdomen
Ved skuleslutt i 14-tida på kvardagane trekk ein del ungdomar ned til sentrum, dei vil gjerne handla seg noko på butikken, og henga litt på senteret. Å handla er i seg sjølv er ikkje noko problem, men Larsen og mannskapet har bede om at berre dei som skal handla kan gå inn, av omsyn til andre.
Vegrar seg
– Me ser på enkelte kundar at dei vegrar seg for å gå forbi grupper av ungdom, som gjerne opptar plass slik at det ikkje er mogleg å passera og halda avstand.
Me opplever at ungdomane ikkje bryr seg om at me ber dei fint om dette. Derfor har me mykje personale rundt i butikken akkurat i tida skulen sluttar, seier ho, og oppmodar foreldre og andre med innverknad til å ta ein prat med ungdomsskuleelevar spesielt.
I følgje helsenorge.no er det greit at ungdom har nokre få venner eller kontaktar dei ikkje treng halda avstand til. Kretsen bør ikkje bli for stor, og til andre bør dei halda minst éin meters avstand.