nyhende
Engelsk blir stadig meir dominerande blant barn og unge
Nye tal frå Medietilsynet viser at engelsk er språket flest barn brukar når dei er på sosiale medium, når dei ser på film, seriar og fjernsynsprogram, eller når dei ser på YouTube. Norsk er mest brukt når dei skal lese, sjå eller høyre nyheiter.
På tvers av aktivitetane er det no fleire som seier at dei i alle hovudsak brukar engelsk i 2024, enn i ei tilsvarande undersøking for fire år sidan. Unntaket er når barn og unge ser på film, seriar eller fjernsynsprogram, der bruken av norsk faktisk har auka litt dei siste åra.
– Desse tala kjem neppe som ei overrasking. Norske barn og unge er ivrige deltakarar i ein engelskspråkleg ungdomskultur. Vi er ikkje imot at ungdomane blir gode i engelsk. Men vi registrerer at kanalar der norsk dominerer, tapar terreng, og vi fryktar at dette på sikt fører til at unge kan oppfatte språket sitt som irrelevant i sin eigen kvardag, seier direktør i Medietilsynet Mari Velsand i ei pressemelding.
Mindre lesing
Ho viser til at SSB si store tidsbruksundersøking som vart publisert i september i år, viser at tida vi brukar på lesing har falle drastisk. Aldersgruppa 16–24 år las i snitt 38 minutt kvar dag i 1980. I dag les same aldersgruppa i ni minutt. Tida blir heller brukt på sosiale medium, fjernsynssjåing og dataspel.
Kort og godt brukar dei unge mindre tid på medium der norsk står sterkt, og meir og meir tid på plattformer der engelsk er det dominerande språket.
– Vi kan ikkje forby alt vi er skeptiske til, men vi kan leggje til rette for det vi vil ha meir av. Noreg har ein offensiv medie- og kulturpolitikk som har gitt barn og unge eit rikt tilbod gjennom tradisjonelle medium. Det finst generelle tiltak som til dømes momsfritak for festivalar, kinoar og scenekunst og nullsats for bøker og aviser. I tillegg kjem direkte tilskot til NRK, filmproduksjon, redaktørstyrte medium og andre aktørar som syter for mangfald innanfor eit felt. Det er viktig at tiltaka omfattar ordningar som treffer dei unge, og som byggjer opp om formidling og distribusjon av norsk innhald, held Velsand fram.
– Våre val er viktige
Åse Wetås er direktør i Språkrådet. Ho minner om vi vaksne er førebilete for barna, og at våre eigne val er viktige.
– I staden for å seie «yo, kids», snakk heller litt meir norsk til dei unge. Vi kan sjølve lese bøker og aviser og velje gode norske filmar, seriar og spel, seier ho.
Språkdirektøren åtvarar om at barn og unge kan få eit inntrykk av at norsk ikkje fungerer i ei moderne verd.
– Å møte og bruke både engelsk og norsk er vel og bra, men det oppstår eit problem når engelsk innhald blir for dominerande i forhold til det norske. Dersom det blir slik at norsk berre blir brukt i medium som blir oppfatta som gammaldagse, slik som aviser og bøker, medan engelsk dominerer i sosiale medium, dataspel og på andre digitale flater, kan barn erfare at norsk ikkje fungerer, seier Åse Wetås
– Fleksibel politikk
Åse Wetås og Mari Velsand er klare på at vi treng ein fleksibel politikk som tek høgd for at medievanane er i rask endring.
– Kanskje det viktigaste av alt er at vi må ha høge ambisjonar for medietilbodet for barn og unge. For å skape trygge språkbrukarar trengst det gode språklege førebilete. Norske ungdomar må få sjå språket sitt i bruk i samanhengar som er relevante for dei, altså på dei digitale dei likar best, heiter det i pressemeldinga frå dei to.