nyhende

Noregspris er eit opplagt val for mange på Sørvest- og Austlandet, medan nordlendingane held seg unna. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK
Noregspris er eit opplagt val for mange på Sørvest- og Austlandet, medan nordlendingane held seg unna.

Energiministeren: Noregspris fungerer knirkefritt!

Meir enn kvar fjerde straumkunde i det dyraste prisområdet NO2 har no signert avtalen noregspris. Energiministeren er strålande fornøgd med oppslutninga.

Publisert Sist oppdatert

Landet over har over 470.000 straumkundar vald straumstøtteavtalen, viser ei oversikt frå elhub.no. Dette er nettstaden der ein kan bestille noregspris.

– Det er svært positivt å sjå at noregspris-ordninga fungerer knirkefritt og at informasjonen har nådd godt ut til folk, skriv energiminister Terje Aasland (Ap) i ein e-post til NTB.

Oppdaterte tal fredag viser at vel 390.00 bestillingar gjeld bustad, medan nesten 81.000 har bestilt til hytter og fritidsbustader. Det utgjer 15 prosent av heimane og 23 prosent av hyttene.

Populært i sør og vest

Noregspris lèt til å vere eit heilt opplagt val for mange. Straumkundane har logga seg på elhub i hopetal sidan ordninga opna onsdag. Det gler energiministeren.

– At heile 470.000 husstandar og fritidsbustader allereie har teikna seg, viser at mange opplever ordninga som nyttig. Noregspris er heilt valfri, og dei som ikkje vel han, har framleis den same straumstøtta som før, seier Aasland.

Ikkje uventa er straumstøtteordninga mest populær på Sørvestlandet/Sørlandet og Austlandet. Regionane inngår i dei to prisområda som i lang tid har hatt dei høgaste straumprisane.

På Sørvestlandet – som strekkjer seg frå Sunnhordland til Horten – er 26 prosent av bustadene no med i straumstøtteavtalen. Andelen er 17 prosent for Austlandet.

Nærast null i Nord-Noreg

Til samanlikning er talet i Nord-Noreg så lågt at det ikkje kjem over grensa for 100 hushald, som gjeld for at det skal telje med i statistikken. Noregspris freistar førebels heller ikkje særleg i Midt-Noreg, der berre 229 av vel 407.000 heimar har bestilt. Det er berre 0,1 prosent av straumkundane.

Vestlendingane er også i tvil. Her har 11,6 prosent av hushalda meldt seg på avtalen.

Dei ivrigaste tilhengarane av noregspris er hytteeigarar på Austlandet. Her har nesten 36 prosent kasta seg på.

Forbrukarane har likevel tid til å tenkje seg om. Noregspris gjeld frå 1. oktober, og alle bestillingar vil først tre i kraft frå denne datoen. Om ein bestiller etter 1. oktober, er det ikkje for seint, men bestillinga vil då ha verknad frå bestillingsdagen.

Powered by Labrador CMS