nyhende
Endring trengst for å møta framtida
Det er ulike meiningar om kva som er elevane sitt beste i skulesaka. Leiarduoen Linn Therese Erve og Ruth G. Østebøvik Eriksen meiner det må gjerast grep no. – Det er ikkje berre skulane, men alle einingane i kommunen som må endrast for å møta framtida, seier Eriksen.
To av tre rundar med behandling av skulesaka er overstått. Begge instansane har gitt grønt lys for å slå saman skulane i Auklandshamn, Førde og Valestrand til ein større skule i «midten». Fram til måndag kveld var det ikkje kjent kva ordførar Linn Therese Erve (Ap) og varaordførar Ruth G. Østebøvik Eriksen (FrP) har landa på i saka, men det kom tydeleg fram at dei er for samanslåing – for betre bruk av ressursar, og til elevane sitt beste.
Investering i undervisning
– Kva ressursar vil de fordela betre?
– Når ein ser korleis samfunnet endrar seg, må ein sørgja for å bruka ressursane til kommunen best mogleg, det gjeld også drift av skulesektoren. Til dømes vil det kosta minst 15 millionar kroner for å gjera nødvendige oppgraderingar på Valestrand oppvekstsenter. Det vil medføra ekstra driftsutgifter på 600 000 kroner årleg, seier Erve.
– Det er viktig for elevane å ha trygge og gode lærarar. Det handlar om gode lærarkrefter istaden for bygg, seier Eriksen.
Erve og Eriksen ser også på prognosane for framtida, der elevtalet er nede på 30-talet for begge skulane om ikkje så veldig lenge. Då vil også skilnaden i ressursbruk auka.
– Me kan velgja å stikka hovudet i sanden og tru at endringen i befolkninga, med fleire eldre og færre unge ikkje treff oss, men det treff oss dobbelt så hardt om me ikkje planlegg for det. Trendar er langvarige, og går ikkje over på nokre år, poengterer Eriksen, som synest det er trist at fleire av politikarane ikkje ser dette.
Fulldelte skular
– Kva er elevane sitt beste?
– Aller viktigast for meg i denne saka er elevane, og opplæringstilbodet me skal ha for alle elevane i Sveioskulen, og at dei kan få gå på ein fulldelt skule. Fagmiljøet vil også bli større på ein litt større skulen, og risikoen for sårbarheit er mindre til større skulen er, seier Erve.
Det var i slutten av februar gjekk rådmannen ut med saka om at han ønskjer å leggja ned skulane i Auklandshamn og Valestrand. Det er 45 dagar mellom forslag og vedtak – vanleg saksbehandlingstid for kommunale saker. Mange synest det går fort, men politikarane har vore klar over saka i over eitt år.
– Rapporten har vore på høyring i seks veker, og det har kome mange innspel. Saka er veldig godt belyst, eg kan ikkje sjå kva ein lengre prosess skal gi av saksopplysningar, seier Erve, som ikkje synest prosessen er forhasta.
Eriksen er samd med Erve.
– Eigentleg begynte saka om skulebruksplan i 2014, men oppdraget med detaljert bestilling er frå mars i fjor, seier ho.
Bulyst og nedlegging
I kommunen er det starta eit prosjekt for å få fleire til å busetta seg i Sveio, det er også vedteke at ein vil jobba spesifikt med Førde for å få fleire innbyggjarar til bygda.
– Er ikkje dette litt sjølvmotseiande?
– Eg synest ikkje det. Ein kan leggja til rette for vekst og skapa gode bumiljø, uavhengig om ein har skule i bygdene, seier Erve, og er klar på at ho ønskjer vekst i heile Sveio. Knivinga mellom sentrum og bygder, som ein kan registrera på nettet, meiner ho er veldig uheldig.
– Sveio kommune har mange andre kvalitetar ein kan spela på, supplerer Eriksen. Ho bur sjølv i Vikjo på Liereid, som godt kan kallast ein avsides plass, men nær sjø og natur. Ho har tru på slike kvalitetar vil vera avgjerande som flyttar til hennar del av kommunen – enn kor skulen er plassert.
Redd for å ytra seg
Begge representantane har blitt kontakta av folk som er for samanslåing som vil vera anonyme, som ikkje vil stå fram med si meining.
– Det er eit demokratisk problem at folk er redde for å ytra seg. Eg ser også at retorikken og ordskiftet tilspissar seg, generelt sett er dette veldig uheldig, seier Erve.
– Det er vår jobb å vektleggja alle. Eg synest det krevjande i eit demokrati at ein ikkje vil høyra på dei som er anonyme, og ikkje vil stå fram i ein så betent debatt, seier Eriksen, og viser til eit utspel i formannskapet måndag kveld, der det blei sagt at ein må vera forsiktig med dette.
Saka blir avgjort måndag 12. april av kommunestyret. Fram til då, vil ordføraren oppmoda til framleis sakleg debatt, og at ein må respektera dei ulike syna som kjem fram.