nyhende

– No skal alt sjukefråvær opp til 10 prosent meldast av eleven sjølv, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
– No skal alt sjukefråvær opp til 10 prosent meldast av eleven sjølv, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

Endrar fråværsreglane, men held på 10 prosent

Det er uaktuelt for regjeringa å fjerna fråværsgrensa på 10 prosent i skulen. Dei vil gjera reglane meir lik dei i arbeidslivet.

Publisert Sist oppdatert

– Me skal ha ei tydeleg forventning om at elevane møter opp. Derfor fører vi vidare fråværsgrensa på 10 prosent, men vi gjer endringar som minner meir om dei reglane vi har i arbeidslivet, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) til Aftenposten.

Treng ikkje gå til lege

Frå skulestart neste år treng ikkje ein elev å gå til lege for å få attest på sjukdom.

– No skal alt sjukefråvær opp til 10 prosent meldast av eleven sjølv. Først når fråværet har nådd 10 prosent i eit fag, må eleven dokumentera sjukefråvær med attest frå helsepersonell, seier Nordtun.

Slutt på sjukemelding frå dag éin

I dag har elevar kunna levera sjukemelding frå dag éin, utan at det har virka inn på fråværsgrensa. Den mogelegheita forsvinn no.

– Grepa me no gjer vil letta belastninga på fastlegane monnarleg og sikra at dei brukar tida på dei pasientene som faktisk treng hjelp. Me hindrar også mogelegheita til å spara opp fråvær, for eksempel til bruk i russetida, seier Nordtun i ei pressmelding frå Kunnskapsdepartmentet.

Slik blir fråværsreglane frå og med neste skuleår

  • Elevar skal levera eigenmelding til skulen for sjukefråvær opp til fråværsgrensa på ti prosent. Når elevane har nådd grensa på ti prosent fråvær i eit fag, må dei dokumentera sjukefråvær med attest fra helsepersonell.
  • Det blir lettare for elevar å ta førarkort for bil ved at fråvær som skuldast teoretisk og praktisk førarprøve, blir inkludert i lista over unntak frå fråværsgrensa. I dag er det berre unntak for delar av den obligatoriske køyreopplæringa.
  • For å forenkla og avbyråkratisera, skal fråværet berre avreknast på slutten av skuleåret i staden for to gonger i løpet av skuleåret som i dag. Det er enklare for skulane, og kan motivera elever som har høgt fråvær til jul til å redusera fråværet sitt til sommaren.
  • Visse former for fråvær, som for eksempel politisk og religiøst fråvær, skal fortsatt ha unntak frå fråværsgrensa.
  • Fråvær skal fortsatt førast på vitnemålet.
  • Dei som har kronisk sjukdom eller plagar som gir høg risiko for fråvær, skal fortsatt kunna bruka eigenmelding i kombinasjon med legeattest.
  • Rektor skal fortsatt kunna bruka skjønn ved fråvær opp til 15 prosent av timetalet i eit fag. Då kan eleven framleis få karakter dersom grunnen til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa skal gjelda.
Powered by Labrador CMS