nyhende

Det blir ikkje tursti frå dagsturhytte til dagsturhytte, men derimot frå Nipaståvo (bildet) til Haukås.
Det blir ikkje tursti frå dagsturhytte til dagsturhytte, men derimot frå Nipaståvo (bildet) til Haukås.

Endra planar for tursti

Planane om tursti frå Golfståvo ved golfbanen til Nipaståvo ved Auklandshamn blir endra. Rådmannen ber om fullmakt til å arbeida vidare med etablering av sti mellom Haukås og Auklandshamn.

Publisert Sist oppdatert

Rådmannen si tilråding om dette skal behandlast av hovudutval for oppvekst og kultur måndag og går vidare til formannskapet og kommunestyret.

Kortare trasé

Den opphavlege planen om tursti frå dagsturhytte til dagsturhytte blei presentert i vår. Etter denne planen ville stien ha kryssa eigedommane til 42 grunneigarar. Det har berre lukkast å få frivillig avtale med 40 av desse grunneigarane. Dette er grunnen til at traséen no blir korta inn og får sitt sørlegaste endepunkt på Haukås.

Fullfinansiert

Bygdelaga både i Bua og Auklandshamn saman med frivillige eldsjeler har engasjert seg med kommunen for å få til dette turstiprosjektet, som allereie er fullfinansiert. Budsjettet er på 2,9 millionar kroner. Halvparten av dette skal dekkast av spelemidlar. Vidare er det rekna med momskompensasjon på 570.000 kroner, dugnad frå frivillige 529.400 kroner og tilskot frå private 360.000 kroner. Ettersom traséen no blir kortare, kan også kostnadene bli lågare går det fram av saksframstillinga.

Powered by Labrador CMS