nyhende

frisørsalong
Rikka Ramsdal (96) likar verken grått eller langt hår, difor er ho svært glad for at frisørsalongane opnar igjen. I gamlebanken i Førde ho finn sin favorittfrisør, Turid Mjånes.

Endeleg skal grå hår og ettervekst vekk!

Denne veka er frisørane i gong igjen etter nesten sju stengde veker. Ein telefonrunde til frisørar i Sveio bekreftar at pågangen for å få stelt håret er stor.

Publisert Sist oppdatert

– Telefonen har knapt stått stille etter at eg kom på jobb i dag, fortel Turid Mjånes.

Innehavaren av Turids Salong i Førde har knapt tid til å snakka med Vestavind når me ringjer, viktigast no er å stilla hundre prosent opp for kundane som har venta så lenge. Blant dei, 96-årige Rikka Ramsdal, som på tysdag endeleg skal få fiksa håret, noko ho gler seg veldig til.

– Eg har ikkje vore hos frisøren sidan begynnelsen av mars, så no skal det bli godt endeleg å få klippa og farga håret igjen, fortel Rikka. Ho har alltid hatt kort sveis, av den enkle grunn at ho ikkje likar langt hår. Det er også ein annan ting ho ikkje vil sjå i spegelen:

– Då eg var lita såg eg så mange gamle med grått hår, og då bestemte eg meg for at nei, grått hår, det vil eg aldri ha! Den lovnaden har eg halde, seier den humørfylte valestrendingen.

Optimist

Innehavar av Estetikk AS, Tanya Stepanova, er også blant dei som er glad for å vera i gong igjen. Måndag føremiddag kunne ho melda om fullbooka timeliste heile første veka.

– Kva tykkjer du om tidspunkt for opninga?

– Dersom gjenopninga hadde vore for to veker sidan, hadde eg vore sterkt imot, men akkurat no og med alle dei tiltaka og reglane som er iverksette, trur eg dette skal gå fint, seier Stepanova.

Har auka kapasiteten

Rita Steinsland, dagleg leiar i Pur Grøn frisør, har også opplevd stor pågang i sine frisørsalongar i Haugesund og Sveio. Sist torsdag opna dei for nettbestilling.

– I Sveio har me enda litt ledig kapasitet neste veke, men stort sett har me fyllt opp timelistene våre dei neste fjorten dagane, fortel Steinsland.

Ho fortel at blant tiltaka som er gjort før opninga er å montera pleksiglas mellom vaskane. Elles følgjer dei reglane som er gitt.

– Det er ein fordel at me har eit godt lokale i Sveio, me har bra med plass. Det betyr at me no har kunna setja inn to frisørar på jobb i Sveio, fortel Steinsland.

– Kva tykkjer du om tidspunktet for gjenopninga?

– Tida vil visa. Etter mi meining kunne me godt venta litt til, men eg er ingen smitteekspert, kommenterer Steinsland.

Lang venteliste

Skal du ordna deg på håret før 17. mai må du vera snar. Også hos MilliMeter AS i Sveio sentrum har dei meir enn nok å gjera framover. Måndag føremiddag opplevde dei ein storm at telefonar.

– Per no har me litt ledig kapasitet rett før 17. mai, elles har me fullt, fortel Marita Miljeteig, som meiner det var rett å opna igjen no.

– Me stolar på når styresmaktene stengjer av, då må me stola på når dei opnar også. Eg trur dette skal gå greit. Dessutan treng me kundar no, kommenterer Miljeteig.

Powered by Labrador CMS