nyhende

Frå påskeeggjakta i 2019. FOTO: RYVARDEN
Frå påskeeggjakta i 2019.

Endeleg klart for ny påskeeggjakt på Ryvarden

300 hardkokte høneegg vert plasserte ved Ryvarden på palmesundag, og både lokale og ferierande born kan venta seg ei lita overrasking dersom dei finn eit egg.

Publisert Sist oppdatert

— Alle ungar er inviterte til eggejakt mellom 11.30 og 14.00 ute på Ryvarden. Når dei har funne seg eit egg, kjem dei til påskeharen med det og får ein liten premie, seier dagleg leiar ved Ryvarden kulturfyr, Gunn Bente Håvardsholm.

Den populære jakta har vore ein årleg tradisjon, men har lege brakk i to år som følgje av pandemien.

Av den grunn er det ekstra gledeleg for Gunn Bente at opplegget kan gjennomførast som normalt og ynskjeleg.

— Dette vert veldig koseleg, og eg ser fram til at mange born og familiar tek turen.

Den årlege jakta skal vera populær blant sveibuane og ein ypparleg sundagsaktivitet for familiar som er heime i påska, men òg barnefamiliar som er på vestlandsferie, fortel Gunn Bente.

Vidare oppmodar ho dei som kjem om å vera ekstra merksame på kor dei plasserer køyretøyet sitt.

— Det er viktig at folk tenkjer seg om når dei parkerer og tek omsyn til at naudetatar skal kunna koma seg fram utan hinder.

Powered by Labrador CMS