nyhende
Enda ein kommunal lege sluttar
Kommunalsjef for helse og omsorg Ingunn Toft melder at nok ein kommunal lege skal forlata jobben.
– Det er tre månadars oppseiing på stillinga, seier Ingunn Toft.
Kommunalsjefen for helse og omsorg i Sveio har for tida jobba med å finna ein erstattar til ein kommunal lege i Sveio. Onsdag den 1. november melder ho at enda ei legestilling må fyllast innan nokre månadar.
– Denne gong er det ved legekontoret i Førde, seier Toft.
– Kor mange legar er det i Sveio?
– Me har to 100 prosent-stillingar i Sveio og to i Førde. Samstundes har me ein 100 prosent lege i privat verksemd i Sveio, og ein i 60 prosent i Førde, svarar Toft.
Difor kjem det truleg snart ei ny lysing av ledig stilling som kommunal lege i Førde. Oppseiingstida går ut i byrjinga av februar 2024. Viss den ikkje vert erstatta i tide må kommunen leiga inn lege, noko Toft tidlegare har fortalt kan kosta om lag 100. 000 kroner i veka.