nyhende

Illustrasjonsfoto: Torstein Bøe / NTB / NPK

EMA: Trygt med oppfriskingsdose etter tre månader

Publisert Sist oppdatert
NTB-NPK: Det er trygt med ein ekstra dose med koronavaksine allereie etter tre månader, opplyser Det europeiske legemiddelverket (EMA).

– Medan den noverande tilrådinga er å gi ein oppfriskingsdose etter seks månader, er det på noverande tidspunkt informasjon som støttar at ein på sikkert og effektivt vis kan gi ein oppfriskingsdose allereie tre månader etter at ein er fullvaksinert, seier vaksinesjef Marco Cavaleri.

EMA har tidlegare opna for oppfriskingsdose minst seks månader etter siste dose for folk mellom 18 og 55 år. For eldre og enkelte grupper kan intervallet kortast ned.

I Noreg vart intervallet nyleg kutta frå seks til fem månader for alle over 45 år.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS