nyhende

Sveibuen Håvard Liknes er blant musikantane i Kleppe musikklag, som skal sette både lyd og farge på Sveio til helga.FOTO: PRIVAT
Sveibuen Håvard Liknes er blant musikantane i Kleppe musikklag, som skal sette både lyd og farge på Sveio til helga.

Elitekorps kjem til Sveio

Til helga kjem Kleppe Musikklag frå Askøy til Sveio. Korpset skal ha sitt årlege oppstartseminar i Vigdartun og avsluttar med konsert i Sveio kyrkje søndag ettermiddag.

Publisert Sist oppdatert

Blant dei 30-35 musikarane som kjem, er sveibuen Håvard Liknes.

— Me er også fleire frå Haugalandet. Det er litt av grunnen til at me har valt å leggja seminaret i år til Sveio, fortel Liknes.

Han legg til at det er skulekorpsa på Haugalandet som har lært opp musikarane frå denne delen av landet. Derfor ønskjer dei å gi noko tilbake til regionen. Skulekorpsa på Haugalandet og i Sunnhordland har fått invitasjon til å delta på konserten i Sveio kyrkje, men det passa ikkje for nokon av dei.

Kleppe Musikklag er eit elitedivisjonskorps som spelar på eit nasjonalt toppnivå – topp ti i landet, seier Liknes. Musikarane skal både øva og overnatta i Vigdartun.

— Tilbake til luftmadrass, med andre ord. Det går fint, me er unge folk. Gjennomsnittsalderen er midt på 20-talet, seier den utflytta sveibuen.

Han kan elles fortelja at han ikkje er den første sveibuen som spelar i det kjende korpset frå Askøy.

— Me får håpa sveibuar og haugalendingar elles vil koma på konserten. Det er ikkje kvar dag eit korps på dette nivået opptrer i Sveio, seier han.

Powered by Labrador CMS