nyhende
Elisabeth (56) er den nye kommunalsjefen i Sveio
Elisabeth Nygaard er kommunalsjef for skule, barnehage og kultur. Ho hadde sin første arbeidsdag i Sveio kommune 1. november i fjor.
– Eg har blitt svært godt motteken både i leiargruppa, av einingsleiarar, rådgjevarar i avdelinga og andre på kommunehuset, seier Elisabeth Nygaard. Ho synes det er spesielt flott at mange av kommunen sine tenester er samla i eitt hus.
Kjent frå før
Nygaard kom frå jobben som barnehagesjef for barnehageområdet i Haugesund kommune som har felles PP-teneste med Sveio. Linken var dermed oppretta frå før.
– Her trefte eg fagleg dyktige samarbeidspartnarar som eg opplevde som inspirerande og som eg fekk god relasjon til. Me utveksla erfaringar for skule og barnehagefeltet om utviklingsarbeid, mellom anna innafor kompetanseheving for tilsette, tilpassa opplæring, og tilrettelegging for å sikra eit godt læringsmiljø.
– Kva er dine viktigaste fokusområde?
– Eg er særdeles oppteken av medverknad, – at me må leggja til rette for at alle skal bli sett og høyrt. Det gjeld både små og store.
– Kva er din styrke?
– Tilbakemeldingar frå tidlegare arbeidsplassar er at eg er interessert og utviklingsorientert, passe utålmodig og så er eg opptatt av gode relasjonar og betydinga av godt leiarskap.
Besøkt skulane og barnehagane
Pandemien har naturlegvis sett visse avgrensingar for den nye kommunalsjefen når det gjeld å treffa sveibuen. Trass restriksjonar har ho likevel teke runden for å helsa på. Saman med rådmannen tok ho turen til alle skulane i løpet av dei første vekene, og ho har vore i barnehagane.
– Eg var så heldig at eg fekk sjå Førde skule si oppsetting av «Toneleik i friske fargar». Det var utruleg kjekt å sjå gleda, kunnskap og stoltheita i det dei viste i framsyninga dei hadde arbeida med heile hausten.
Nye møteformer
– Fortel litt om korleis det er å ha heimekontor no i denne koronasituasjonen?
– Ein kan lett bli isolert om ein er mykje heime. Det er meir inspirerande å arbeida på kommunehuset, men om me prøver å kombinera kan ein få passe ro til å setja seg inn i det breie fagfeltet eg skal jobba med. Synast etter kvart me får greie erfaringar med møter på nett, noko som og kan vera tidssparande.
Born, friluftsliv og matlaging
Nygaard, som er busett i Haugesund, har også ein link til Sveio på privaten.
– Besteforeldra til ungdommane mine bur på Lyngholm. Turområdet rundt Ryvarden er også eit område eg har besøkt ein del. Og ungdommar som er aktive, gjer at me har vore både i Sveio og Førde med korps og fotball.
– Kva er den største fritidsinteressa di?
– Forutan å følgja opp mine barn som no er vaksne, har eg brukt mykje tid på å utdanna meg. Når eg ikkje gjer det, er det friluftsliv og mat – og gode opplevingar eg brukar tid på.