Vårens avgangselevar i vidaregåande skule rakk berre å oppleve eitt normalt semester før pandemien braut ut. Også i år bør eksamen avlysast, meiner Elevorganisasjonen.FOTO: NPK
Elevorganisasjonen: Eksamen bør avlysast
Som i fjor bør eksamenane i vår avlysast, meiner Elevorganisasjonen, som seier at læringssituasjonen framleis gir grunnlag for å avlyse.
NPK-NTB: – Med grønt nivå i vidaregåande skule og eit såpass stort smittepress vil det bli variasjonar i smittetiltaka rundt om i landet. Dét, kombinert med tapt læring i nesten to år, meiner vi gir fleire grunnar til å avlyse eksamenane i vår enn å gjennomføre dei, seier leiar i Elevorganisasjonen, Edvard Botterli Udnæs, til Utdanningsnytt.
Dei som no er avgangselevar i vidaregåande skule, hadde berre gjennomført eitt vanleg semester før koronapandemien braut ut. Desse elevane har måtta tilpasse seg ein skulekvardag prega av heimeskule og stadige endringar, påpeikar Udnæs.
– Det har vore så store variasjonar i opplæringa desse elevane har fått. I fjor var det eit av argumenta for at ein ikkje kunne gi ein sentraltgitt eksamen. Det argumentet bør stå seg like godt i år, meiner han.