nyhende
Elevbedrift spring frå Førde til Haugesund
Denne veka har 10. klasse minielevbedrift på skulen. Fem elevar valde å gjera noko annleis, og skal springa inn pengar. Sponsorpengane dei får inn blir delt med Barnekreftforeningen.
Sveio skule har hatt besøk av Ungt Entreprenørskap denne veka for å inspirera til å starta elevbedriftar. Dei starta måndag, og innan fredag skal elevbedriftane ha gjennomført alt frå oppstart til oppgjer.
Mange skal klippa plenar, vaska bilar, rydda og gjera anna forefallande arbeid. Det fekk denne gjengen til å tenka utanfor boksen.
Startar å springa 06.30 fredag
Namnet er på plass, planlegginga er godt i gang tysdag, og no gjeld det å få flest mogeleg sponsorar før fredag klokka 06.30. Då startar dei å springa, og held fram til dei er i Haugesund. Dei reknar med å bruka 3-3,5 time på den 26 kilometer lange turen.
– Me har kalla oss Barnas støtte, og har lyst til å gjera noko for andre. Ikkje berre tena pengar til oss sjølve. Halvparten av pengane me får inn skal me difor donera til Barnekreftforeningen, seier Bablu.
Dei er fem i elevbedriften. Fire av dei skal springa. Ikkje alle veit om dei klarar å springa heilt til Haugesund, medan eit par av dei også ville springa tilbake.
Jaktar på sponsorar
– Det fekk me ikkje lov til av hu der, seier Bablu, og peikar smilande på Monika Halleraker som er kontaktlærar for to av elevane og har dei andre i ulike fag. Ho er også ansvarleg for Vipps-innsamlinga til elevbedriften, og sponsorar kan vippsa pengar til henne.
– Me håper mange vil vera med å støtta. Alle bidrag blir motteke med stor takk, uansett kor liten eller stor sum ein vil gi, seier dei fire elevane som er innom Vestavind.