nyhende
Elevane inviterer på kabaret
Neste veke inviterer avgangselevane ved Sveio skule til kabaret på Vigdartun.
Det er god tradisjon for ein årleg kabaret i regi av tiandeklassingane på Sveio skule. Og neste onsdag og torsdag, på kveldstid, er det klart for årets framsyning.
— Det blir drama, komedie og romanse, lovar elevane Ingebjørg Grutle Farestveit, Rusu Fabiano Natanel og Katrine Økland.
Alle er med
Dei fortel at alle elevane i tiande klasse er engasjerte i kabareten, på forskjellig vis. Elevane er nemleg delt inn i forskjellige grupper. Nokre er skodespelarar. Andre produserer video som skal vere ein del av framsyninga.
Sjå bileta frå kabareten frå i fjor her.
Trioen som stakk hovuda sine inn døra hos Vestavind sist måndag, er ein del av PR- og designgruppa. Dei har i oppgåve å både skape blest om arrangementet, skaffe sponsorar, og lage kulissar.
Forboden kjærleik
Dei tre lovar mykje god underhaldning. Dei kan naturlegvis ikkje røpe heile handlinga, men det dreier seg mellom anna om krangel mellom to butikkar. Og om kjærleik.
— Til og med litt forboden kjærleik, skyt Katrine Økland inn.
Framsyninga er for alle interesserte, og den finn stad i auditoriet på Vigdartun.
— Det blir sal av billettar i døra, legg dei til.