nyhende
Elev i vidaregåande skule smitta
Onsdag morgon var fem bekrefta smitta av korona i Sveio.
Dei nye tiltaka som gjeld frå i dag, varer til over påske.
– Med ein felles bu- og arbeidsregion med såpass høg smitte i andre kommunar i nærleiken, er det nødvendig med same tiltaksnivå for å slå ned og hindra ytterlegare smitte, seier ordførar Linn Therese Erve. Ho legg til at det er den britiske virusvarianten som no dominerer, og som smittar lettare.
Ordføraren oppmodar alle til å følgja reglane.
– Det er viktig at me må halda oss til reglane, slik at me kan sleppa opp på tiltaka på eit tidspunkt, og ikkje ha dei lengre enn nødvendig. Hald ut, og ta vare på kvarandre, oppmodar Erve.
Fem smitta
Første melding om smitte relatert til vår kommune kom på laurdag, då var det ein tilsett innan habilitering som fekk påvist korona. Vedkommande har bustad utanfor Sveio. Tysdag 16. mars testa fire innbyggjarar i Sveio positivt, onsdag morgon var det totalt fem smitta, av dei ein elev i vidaregåande skule.
Sjølv om det ikkje blei stadfesta smitte i vår kommune før denne veka, har tiltaka gradvis kome frå onsdag i sist veke, i takt med aukande smittetilfelle i nabokommunar. Denne veka kom det også melding om to dødsfall blant innbyggjarar i Haugesund, begge koronasmitta og over 60 år.