nyhende

Eldrerådet vil bli meir synleg

Eldrerådet i Sveio vil bli meir synleg. Rådsmedlemmene vil gjerne ha fleire oppgåver og få fleire utfordringar.

Publisert Sist oppdatert

– Det er svært sjeldan me blir kontakta av folk i den aldersgruppa eldrerådet representerer. Mange veit knapt at me eksisterer, seier leiar John Gustav Eilerås og nestleiar Helge Matre.

Brosjyre

Dette vil dei no gjera noko med. Mellom anna har dei laga ei brosjyre om Sveio eldreråd som er tilgjengeleg på legekontora, biblioteket og andre offentlege kontor der eldra ferdast. Pensjonistforeininga er også ei målgruppe, og Helge Matre fortel at han delte ut brosjyrer på ein mannsfrukost i Auklandshamn bedehus same dagen som intervjuet fann stad. Bedehusfrukostane på «vestkysten» samlar menn frå heile kommunen, for det meste pensjonistar.

Blir høyrde

Samstundes som dei ønskjer å bli brukte meir, understrekar både Eilerås og Matre at eldrerådet ikkje er eit klageorgan. Derimot kan dei hjelpa til med saker som kan løysast politisk. Leiaren eller nestleiaren møter med talerett i formannskapet og kommunestyret.

– Blir de høyrde?

– Ja, meiner både leiaren og nestleiaren.

Eilerås trekkjer fram debatten om nedlegging av Førde legekontor som ei av sakene der han meiner eldrerådet nådde fram med sin argumentasjon.

Hjelp med digitalisering

Andre saker som eldrerådet har jobba med, er hjelp i samband med digitalisering og busstilbodet i kommunen. Dei freistar å halda seg orientert om nye tiltak i andre kommunar og har mellom anna fatta interesse for eit prosjekt i Austevoll der yngre hjelper eldre og omvendt. Eilerås og Matre ser for seg at det er mogleg å få til noko liknande i Sveio gjennom tettare samarbeid mellom eldreråd og ungdomsråd.

– Misser dyktige fagfolk

Eldrerådet er elles opptatt av å sikra nok pengar til helse- og omsorgstenesta i framtida. Dei er uroa over at så mange dyktige fagfolk i Sveio sluttar for å gå til betre betalte jobbar i nabokommunane.

Eldrerådet får også kommunale planar til høyringsuttale og kan vera med å påverka desse. Då er det også viktig med innspel frå dei eldre sjølve.

Utanom Eilerås og Matre er Solfrid Lier Habbestad, Helge Bertin Sveen og Rakel Øyerhamn faste medlemmer av eldrerådet denne valperioden.

Powered by Labrador CMS