nyhende
Eldre person funnen død
Søndag morgon melde politiet at at ein eldre person var funnen død i Auklandshamn. Vedkommande blei funne av pårørande, som lette etter personen. Politiet antok at den avdøydde hadde falle i sjøen, mogleg i løpet av natta, og drukna.
Måndag kommenterte politioverbetjent Helge Varne, avsnittsleiar for vald- og sedelighetsavsnittet, at politiet si hovedhypotese er at dette er ei drukningsulykke.
– Hypotesen blir bygd på avhøyr tatt i helga. Avdøydde er sendt til obdusert ved Stavanger universitetssykehus. Me avventar nå funna frå obduksjonen for å sjå om dei er foreinleg med vår hypotese. Me håper å ha svar frå obduksjonen tysdag, seier Varne.
Onsdag morgon har det ikkje lukkast Vestavind å få ytterlegere opplysningar. Saka blir oppdatert.