nyhende
Eldhus brann ned til grunnen
Eit gamalt eldhus i Straumøyvegen gjekk tapt i brannen tysdag kveld.
Nødetatene rykka klokka 17.43 tysdag ut etter melding om brann i ein bygning.
Kort tid etter var brannmannskap frå Sveio og Førde stasjonar på på staden, og det viste seg å vera eit eldhus som sto i full fyr.
Kontrollert nedbrenning
Det var ikkje noko å gjera for å berga eldhuset, og brannvesenet gjennomførte sløkkeinnsats på staden.
Eigaren, ein mann i 40-åra, kom til staden kort tid etter meldinga om brannen, og vart avhøyrt av politiet. Han forklarte at han hadde brent eit bål i nærleiken av eldhuset før brannen starta.
Til Haugesund Avis fortel han at at han heldt på å rydda i eit gamalt hus og brann treplater derfrå eit stykke unna eldhuset. Alt så bra ut då han gjekk tur med hunden i fire-halvfemtida.
Sonen ringte
Deretter varsla mannen ein kompis som bur rett ved og ringte til nødetatene.
Klokka 19.30 meldte operasjonsleiar Bjørnsen at brannvesen og politi hadde avslutta på staden.