nyhende
El-bil totalskadd i brann i natt
Klokka 23.35 torsdag melde ein bilførar til politiet at bilen han køyrde sto i full fyr.
Han sat i el-bilen då den byrja å brenna i Vågedalen, men hadde klart å koma seg ut før bilen tok full fyr.
– Han hadde fått i seg litt røyk og blei sjekka av helse før han blei dimittert, seier Håkon Tornes, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Mannskap frå Sveio brannstasjon var raskt på staden, og klokka 00.05 melde dei at brannen var sløkt.
– Bilen er totalt utbrent. Årsaka til brannen er ikkje avklara, men det framstår som det ikkje tok fyr i batteriet, seier Tornes.
Annonse
Bilen tilhøyrer eit firma, og politiet meldte i natt at den skulle fjernast. I morgontimane fredag sto bilen der framleis.