nyhende

Sian er ein av dei høgreekstreme organisasjonane som er aktive no. Her ser vi Sian-leiar Lars Thorsen under eit arrangement. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB/ NPK
Sian er ein av dei høgreekstreme organisasjonane som er aktive no. Her ser vi Sian-leiar Lars Thorsen under eit arrangement.

Ekstremisme i demokratisk forkledning

I fleire europeiske land får høgreradikale parti stadig meir makt, men i Noreg har vi dels vore skåna for dette. Likevel er det heller ikkje fritt for at denne typen parti har prøvd lukka i stortingsval her heime òg.

Publisert Sist oppdatert

– Framstegspartiet har på mange måtar vore ein buffer mot dei høgreradikale partia – fordi dei har fanga opp ein del av dei misnøye-veljarane som gjerne har bidrege til veljargrunnlaget for den typen parti i andre europeiske land.

Det fortel Øyvind Strømmen som er aktuell med boka «Hat. Fortellinger om ytre høyre». I boka tek han føre seg korleis ytre høgre blir stovereine i stadig fleire land. Han har reist gjennom Europa for å prøve å forstå utviklinga. Fleire stadar har høgreradikale parti klart å få parlamentarisk posisjon, men ikkje her i Noreg.

1. mai-bombe

Før andre verdskrigen og så igjen frå rundt 1970 og fram til vår tid har det vore ei rekke eksempel på at høgreradikale og høgreekstreme parti har stilt til val i Noreg. Likevel har ingen av dei nokon gong klart å etablere seg i den norske partifloraen.

På 1970-talet var Norsk Front det mest framståande av dei høgreradikale partia. Partiet blei danna i 1975 av unge nynazistar, nasjonalistar og antikommunistar frå ulike små grupperingar, deriblant Nasjonal Ungdomsfylking (NUF), som oppstod på midten av 1960-talet, og med støtte frå tidlegare medlemmer av Nasjonal Samling.

Partiet blei leidd av Erik Blücher og hadde på det meste omkring 1400 medlemmer og tilsvarande mange tilhengarar.

Partiet Norsk Front og partileiar Erik Blücher var i hardt vêr eter eit bombeåtak på 1. mai i 1979.

I 1979 sprengde ein aktivist to bomber mot demonstrantar i Faglig 1. mai Fronts tog i Oslo. Gjerningsmannen viste seg å vere Petter Kristian Kyvik, som var medlem av Norsk Front. Ifølgje Kyvik oppmoda Blücher til aksjonen ved å seie «du har vel ei bombe som du skal kaste 1. mai?». Blücher avviste dette som blank løgn. Ifølgje Dagbladet skal Blücher ha sagt dette i samband med at han blei arrestert etter angrepet:

«Jeg hadde overhode ikke noe kjennskap til planen om å kaste en bombe mot Faglig 1. mai Fronts tog. Det var ikke planlagt noen større aksjoner fra Norsk Front på denne dagen. Selv var jeg hjemme i hagen 1. mai og rakte løv og brant bråte.»

Som følgje av den interne striden og bombeangrepet blei partiet oppløyst same året, men allereie i 1980 blei dei etterfølgt av Nasjonalt Folkeparti, som hadde same ideologi.

Det viste seg at mannen som hadde kasta bomber mot eit 1. mai-tog i 1979 var medlem av Norsk Front.

Moskébombe

Utover på 1980-talet blei Nasjonalt Folkeparti, stadig meir ekstremt, og det kulminerte med bombinga av ein moské i Oslo i 1985. Ein 19-år gammal mann vart sikta, men Nasjonalt Folkeparti nekta først for at han både var medlem og sekretær hos dei. Seinare endra dei forklaringa, og leiaren i partiet, Jan Ødegård, sa dette til NTB i juni 1985:

«Jeg har et visst kjennskap til 19-åringen, og mitt inntrykk er at han er en høflig hyggelig og meget snill gutt.»

Nasjonalt Folkeparti blei oppløyst i 1991, og dei få attverande medlemmene blei oppfordra til å melde seg inn i det nyoppretta Fedrelandspartiet.

19-åringen som stod bak eit bombeangrep mot ein moske i Oslo i 1985 var sekretær i Nasjonalt Folkeparti.

Ville sterilisere adopterte

På 1990-talet voks det fram ein større nynazistisk og ultranasjonalistisk subkultur i Noreg. Mellom anna gjorde Fedrelandspartiet og Kvit Valallianse seg gjeldande i denne perioden.

Fedrelandspartiet blei grunnlagt av tidlegare Framstegsparti-politikar Harald Trefall, og ved valet i 1991 fekk dei éin representant i Hordaland fylkesting og éin i Karmøy kommunestyre. Partiet vekte òg oppsikt då dei gjorde svært gode skuleval ved fleire vidaregåande skular i 1995. Dåverande partileiar i Sosialistisk Venstreparti, Erik Solheim, sa dette til Jærbladet i 1995:

«Oppslutnaden om Fedrelandspartiet er meir eit resultat av at ungdommen ønskjer å markere ein protest enn det avspeglar verkelege haldningar.»

Eit høgreradikalt parti som på mange måtar gjekk endå lenger enn forgjengarane sine i ekstreme haldningar var Kvit Valallianse som blei etablert i 1995.

Leiar av Norge mot innvandring, og tidlegare leiar av Folkeaksjonen mot innvandring (FMI), Arne Myrdal, blei nekta å tale under eit torgmøte i Arendal med grunngiving at han ikkje hadde fått lov.

Partiet stilte til stortingsvalet i 1997 med lister i Oslo, Akershus og Buskerud. Partiet fekk til saman 463 stemmer. Dei gjekk mellom anna inn for å stoppe all innvandring og fjernadopsjon til Noreg, og ønskte å sende tilbake alle innvandrarar som var komne til Noreg etter 1975. For fjernkulturelle skulle dette gjelde frå 1960. Dersom det ikkje var mogleg ville dei sterilisere under tvang. Ifølgje partiet var det for å bevare den etniske samansetninga av det norske folket.

På grunn av desse delane av partiprogrammet blei partileiar Jack Erik Kjuus dømt til 60 dagars fengsel på vilkår og 20.000 kroner i bot for brot på rasismeparagrafen. Som ein protest mot dommen trekte partistyret seg kort tid etter, og Jack Erik Kjuus trekte seg ut av politikken. Mange av medlemmene gjekk så over i det nystarta partiet Nasjonalalliansen.

Leiar Jack Erik Kjus i Kvit Valallianse etter at han blei funnen skuldig i rasisme.

Prega av uro

Også utover på 2000-talet dukka det opp nye høgreradikale parti i den norske partifloraen. Heller ikkje nokon av dei har fått noko solid fotfeste, og fleire av partia har hatt kort levetid.

– Mange av desse parti-prosjekta ha vore prega av kaos, konflikt og intern strid. Det har stått i vegen for at dei skal utvikle seg til noko større, seier Øyvind Strømmen.

Trass i at høgreradikale parti ikkje har fått eit markant fotfeste her i landet har det ikkje vore fritt for at ideologien bak har prega samfunnet vårt på anna vis.

– Høgreradikalismen har stort sett gjort seg gjeldande med ikkje-parlamentariske innslag. Vi ser ein del av dei same tendensane og fenomena som eg skildrar i boka i Noreg òg, avsluttar han.

Forfattar, journalist og politikar Øyvind Strømmen har skrive boka «Hat». Strømmen har reist gjennom Europa for å prøve å forstå kvifor høgreradikalt tankegods har fått fotfeste i mange land.
Powered by Labrador CMS