nyhende

Regjeringa set ned eit ekspertutval som skal gi konkrete forslag til tiltak som kan styrkje fastlegeordninga. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Regjeringa set ned eit ekspertutval som skal gi konkrete forslag til tiltak som kan styrkje fastlegeordninga.

Ekspertutval skal gjennomgå fastlegeordninga

Regjeringa set ned eit ekspertutval som skal gi konkrete forslag til tiltak som kan styrkje fastlegeordninga.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Ifølgje regjeringa står meir ein 175.000 innbyggjarar utan fastlege.

– Det går særleg utover dei mest sårbare pasientane og kan forsterke todelinga i helsetenesta. Denne utviklinga må snuast, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) i ei pressemelding.

– Dei noverande handlingsplanane har fleire gode tiltak, men dei har ikkje hatt ønskt effekt. Då må vi tenkje nytt, og vi må ta nye grep. Vi kan ikkje halde fram i same sporet og håpe situasjonen løyser seg over tid, seier Kjerkol.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier regjeringa i statsbudsjettet for neste år skal ta grep som skal bidra til at alle skal kunne ha ein fastlege å gå til, og at yrket igjen blir attraktivt for fagfolk.

– Samtidig er det behov for å vurdere nærare korleis ordninga kan gjerast berekraftig framover, seier Støre.

Regjeringa skriv at utfordringane i fastlegeordninga har auka over tid. Situasjonen er no at unge legar ikkje søkjar seg til ordninga, at fastlegane har høg arbeidsbelastning, og at stadig fleire kommunar opplever rekrutteringsutfordringar.

Sjølv om det skal takast grep allereie neste år, blir ikkje dei store utfordringane løyste på eitt år og i eitt statsbudsjett.

– Vi har derfor vedteke å setje ned eit ekspertutval for å få best mogleg kunnskap om kva tiltak som på litt lengre sikt vil treffe målretta og løyse utfordringane, skriv regjeringa.

Ekspertutvalet skal levere ein første rapport med førebelse vurderingar og tilrådingar innan 1. desember 2022. Ein rapport med endelege vurderingar og tilrådingar skal leverast innan 15. april 2023.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS