nyhende
Ekspertar usamde om Noreg treng kornlager
To ekspertar som har sett på om Noreg treng eit beredskapslager for korn, kjem til ulike konklusjonar.
– Det har vi fått to døme på no, i koronakrisa og Ukraina-krisa, seier Smedshaug, som fram til april i år var statssekretær i regjeringa.
– No manglar EU gass, og Noreg førebur mogleg straumrasjonering. Vi har nyleg sett at mange land ikkje får importert nok matolje, og dette har ført til innkjøpsavgrensingar i fleire land. Ingen av dette var føresett, seier Smedshaug.
Ansvaret til næringa
Ivar Pettersen har tidlegare skrive to rapportar om Noreg treng lagring av korn. I begge var konklusjonen at Noreg ikkje vil ha nytte av at staten har eit lager, og han rekna ein svikt i forsyninga i over éin månad som usannsynleg.
Pettersen meiner framleis at det er liten grunn til å tru at eit statleg kornlager kan hindre kraftige prisvariasjonar. Styrking av kornlager må først og fremst vere ansvaret til næringa, meiner han.
– Heile kornnæringa i Noreg er ei beskytta næring fordi ho skal vareta samfunnsomsyn. Noreg har eit høgt importvern, og det omfattar ikkje berre landbruket, men også møllene og kornsiloane, seier Pettersen til Aftenposten.
Rapport tilrår lager
Tidlegare i sommar konkluderte Landbruksdirektoratet i ein rapport med at staten bør opprette eit kornlager med kapasitet tilsvarande seks månaders normalforbruk.
I rapporten kom det ifølgje Nationen mellom anna fram at det kan ta sju år å få på plass eit beredskapslager med 165.000 tonn matkorn, som skal vere nok til eit halvt års forbruk.
Stavanger hamnesilo – Nord-Europas største kornlager – kan lagre 190.000 tonn korn, men er i kommersiell bruk. Felleskjøpet Agri anslår at siloen har omtrent 50.000 tonn i ledig kapasitet som kan brukast til beredskapslager. Samtidig er siloen i ferd med på bli regulert til bustader.
(©NPK)