nyhende
Eksotisk og vågalt i Vågavegen
Tor Magne Mæland har gjort utradisjonelle val med huset sitt, både fordi han kan og vil. Gamalt og rusikt ute, og topp moderne inne. Og taket til blikkenslagaren – det er i sink.
På Mekeland står eit hus som gjennomgår ei total forvandling. Rett nok gjenstår ein av to etasjar innandørs, men både tak og kledning og flott opparbeida uteområde er oppsiktsvekkande. Byggjeår er 1979, Tor Magne overtok i starten av 2018. Mange timar har gått med på å tenka, dulla, jobba, slita og sveitta.
Starta roleg, men…
Planen var først og fremst å oppgradera huset til dagens standard. Rivearbeidet starta nokre månadar etter huskjøpet.
Hans eige råd til seg sjølv var å ta eitt rom om gongen, men har fått erfara korleis ting heng saman.
Soverommet rauk først, deretter badet. Men det «balla» fort på seg, og plutseleg var det sett i gong arbeid litt over alt. Nytt hovudinntak på utsida kom på plass, og alt nytt elektrisk opplegg i hovudetasjen, som rommar kjøkken, stove, gang, to soverom og eitt bad.
Nytt røyr-i-røyr-system til kjøkken og bad. Innimellom var det stadig revisjonar og tankar om korleis romma skulle formast – det har jo sin praktiske samanheng med kor til dømes lys, stikkontaktar og vasskranar skal vera.
Skal vera praktisk
– Eg hadde til dømes tenkt å ha ein stor dusj, men fann ut at det ville bli lite praktisk. Nå har me ein mindre dusj, og eit badekar, fortel Tor Magne, som er blikkenslagar av yrke.
Inspirasjonen finn han mellom anna på jobb i Karmøy-firmaet Spanne Blikk.
– Me er på mange kjekke prosjekt for arkitektar som har kundar som lagar seg svært påkosta hus. Her går eg dag etter dag, og plukkar opp mykje, smiler Mæland.
TV-serien Eventyrlig oppussing har også vore til god hjelp undervegs.
Dårleg planlagt
I følgje Mæland er kjøkkenet det desidert dyraste rommet, og det dårlegast planlagde – men likevel det best likte.
Her er påkosta kvitevarer og benkeplate i heiltre. Kvitevarene kom på sjølve budsjettet, som eit tillegg.
– Det er viktig å kjøpa det ein har lyst på istaden for å angra etterpå. Som yngst av fem søsken er eg van med å venta, så det har ikkje gjort meg nokon ting å spara lønna ein månad eller to for å få det som eg vil.
Kjøkkenet er også ein favoritt, matlaging er noko dei trivst med. Mykje tid blei brukt hos forskjellege kjøkkenleverandørar som laga forslag, i tillegg har han samla erfaringar frå kameratar som har vore i same ærend før.
Felles prosjekt
Alt har blitt opp til dagens standard og vel så det. Kva er så favoritten?
– Me likar oss ute, smiler paret, som har sin første sommar på terrassen. Dette er også det einaste prosjektet dei har hatt i lag, Ida Bjelland Birkeland flytta inn for rundt eitt år sidan.
– Ho har blitt skikkeleg god på å skru bjelkesko, flirer han.
Det var for uteområdet det hadde danna seg mest tankar på førehand.
Stor terrasse med nivåforskjellar, soner og kjøkkenplass, planteoase og sittegruppe med kveldssol.
Lite vedlikehald
Utvendig er det tenkt vedlikehaldsvennleg. Sinktaket og kledninga treng eigentleg ikkje gjerast noko med. Terrasseborda er impregnerte, men sidan oljing ikkje står øverst på lista over favoritt-aktivitetar, tenker huseigaren å bruka grønsåpe og vatn, som skal gi ein fin, grå effekt på sikt. Det same skal bordkledninga, som er av typen Royal 8 toms med naturfarge, vanleg rektangulær form, med store hjørnebord.
– Det gir eit gamalt og rustikt uttrykk, seier Mæland, som likar det slik.
Tak på rull
Taket er heilt unikt. Er det noko ein blikkenslagar kan, er det å tekka.
– Eg gjorde kanskje mykje ut av taket, men eg hadde veldig lyst til å gjera det – berre fordi eg kunne. Det er som det heiter på fagspråket skivetekka, men som fliser istadenfor lange lengder. Det tok omlag to månadar å riva, leggja nytt undertak, samt laga og leggja taket, fortel handverkaren.
– Eg kunne nok lagt takstein tre gonger for kostnaden. Det er ikkje rimeleg, men det blir jo noko personleg.
Eksotisk
Av beplantning på terrassen er det både sedum, hosta, liljer og prydgras. Noko kunne hentast frå hagen frå tidlegare eigar, men vindmøllepalmene har sin første sesong på Mekeland.
Det eksotiske innslaget er av typen som skal tola -18 grader. Dei hadde den idérike 31-åringen sett seg ut for fleire år tilbake. Då skattepengane kom i juni, bar det avgarde til planteutsalet for å forhøyra seg. Og der stod dei enda.
– Eg fekk ein god pris, så var det berre å dra til verkstaden, henta ein hengar og få dei heim i garasjen, ler Mæland.
Angrar på to ting
Spørsmålet om kva han ville gjort annleis står ubesvart ei stund, men etter kvart kjem det to saker han angrar på.
– Eg skulle tatt bilder av huset før eg begynte, eg har nokre få. Og benkeplate i heiltre ville eg aldri valt igjen. Ein kan mest ikkje sjå at det er heiltre. Den treng vedlikehald og får sår, seier sveibuen.