nyhende

Ekornes kuttar i produksjonen etter sviktande ordreinngang. Foto: Gorm Kallestad / NTB/ NPK
Ekornes kuttar i produksjonen etter sviktande ordreinngang.

Ekornes kuttar produksjonen

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB Frå neste veke må møbelprodusenten Ekornes på Sunnmøre redusere til firedagarsveke ved delar av produksjonen etter salssvikt i Europa.

– Vi har sett rekordar både i fjor og i år – så seint som i 2. kvartal i år. Men no merkar vi at ordreinngangen har dabba betrakteleg av, seier konsernsjef Roger Lunde til Sunnmørsposten.

Sjølv om 2022 framleis ser ut til å bli eit rekordår for møbelkonsernet, så må Ekornes tilpasse produksjonen etter eit betydeleg ordrefall i Europa.

– Frå kommande måndag innfører vi firedagarsveke på enkelte produksjonslinjer, seier han.

Han seier dette gjeld produksjonen av lenestolar ved fabrikken på Ikornnes i Sykkylven.

– Vi må vere førebudde på langt tøffare tider framover. 2023 trur eg blir eit vanskeleg år for svært mange bedrifter. Til alt hell ligg vi på Sunnmøre, der krafta er billig. Sjølv om vi ikkje er ein spesielt kraftkrevjande industri, så er jo det eit pluss for oss, legg Lunde til.

Andre møbelprodusentar på Sunnmøre som Sunnmørsposten har snakka med, seier at dei også ser at ordrane har byrja å tørke inn, og dei er derfor spente på fortsetjinga.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS