nyhende

Det er tre årsverk i Vestavind, her framføre lokalane i Sveiogata. F.v. Kari Nilsdatter Haukås (journalist)John Andreas Toft (dagleg leiar og marknadsansvarleg) og Irene Flatnes Haldin (redaktør).
Det er tre årsverk i Vestavind, her framføre lokalane i Sveiogata. F.v. Kari Nilsdatter Haukås (journalist)John Andreas Toft (dagleg leiar og marknadsansvarleg) og Irene Flatnes Haldin (redaktør).

Eitt år med Vestavind i digitalt format

Det har gått eitt år sidan Vestavind blei digital, og sveibuen fekk ei «ny» avis som kan lesast over heile verda. Vårt inntrykk er at lesarane våre set pris på begge produkt.

Publisert Sist oppdatert

Papiravisa har ein ubroten tradisjon heilt tilbake til 1986, og er framleis eit viktig innslag i kvardagen til sveibuen. Nettavisa blir oppdatert fleire gonger dagleg. Etter eitt år som digitale, er vårt inntrykk at lesarane seier ja takk til begge delar.

Første året har det rundt rekna vore 424 000 sidevisningar. Det vil seia at det i snitt blir vist rundt 1 160 sider på Vestavind si nettavis kvar dag, i følgje analysetenesta Vestavind bruker. I perioden har det blitt publisert 1 080 saker.

Ikkje alle dagar er like, og enkelte tema fengjer meir enn andre. Vindmøllesaka, politiaksjon på Vikse og korona-smitte på Sveio skule er døme på saker som i periodar har gitt oss ekstra mange lesarar.

Stor skilnad

Det mest vesentlege for nettavisa er at den gir moglegheit til å vera raskare ute med ein del av stoffet. Og som me fekk erfara kunne ikkje tidspunktet vore betre. Det skjedde mykje i starten av korona-pandemien og det var viktig for Vestavind å formidla det som skjedde på godt og vondt, både med nyhende og praktisk informasjon dagleg.

– Det er stor skilnad på å driva to aviser framfor éi. Me kan ikkje alltid vera først ute med siste nytt, men me har eit mål om å levera eit godt og variert produkt som mange kan ha ein relasjon til, ut frå mannskapet me har, seier redaktør Irene Flatnes Haldin.

Engasjement

Pandemien har ikkje berre vore positiv for Vestavind, og det har nok lesarane våre fått merka. Annonsørar i både nærings- og organisasjonsliv har naturlegvis også blitt berørte av korona over ein lengre periode. Det gjer at papiravisa til tider har vore tynnare enkelte torsdagar – rett og slett grunna få annonsar.

Avisa som kom ut 4. mars var på 20 sider – det er åtte fleire sider enn det me hadde rekna med, i forhold til annonsemengd og inntekter. Skulesaka engasjerer – då blir det feil å sortera og velja vekk informasjon og lesarbrev til papiravisa, sjølv om det har ein langt større kostnad for avisa, seier redaktøren.

Powered by Labrador CMS