nyhende

Eit sjeldan syn

Bodil Hagen er interessert i planter. I fjor fekk ho tips om eit område heilt utanom det vanlege der det er store mengder kusymre.

Publisert Sist oppdatert

I ein e-post til Vestavind fortel ho at kusymra har gått sterkt tilbake i Sveio. Då ho blei gjort merksam på denne kusymrelia, blei ho difor svært begeistra.

Kvar den er, ønsker ho at me ikkje fortel for å unngå at folk tar med seg planter på rot. Uansett er dette ei glede for dei som veit om plassen.

Rosa eksemplar

– I år fann jeg også eit rosa eksemplar. Eg la det ut på «Villblomster». Der meinte dei at den rosa varianten var ein primula som hadde spreidd seg frå ein hage. Det ser ut som nokon har kasta nokre greiner her, så det kan nok stemma, seier Hagen.

Kusymre har fleire namn, og blir mellom anna kalla kusom, kusømra, kublom, gulveis, liblom og aurikla. Vestlandets nasjonalblom er eit anna namn. Kusymra er fylkesblom i Vestland og kommuneblom i Bokn.

Primula – den første om våren

Planta tilhøyrer nøkleblomfamilien, og det latinske namnet er Primula vulgaris. Slektnamnet Primula betyr «den første om våren» og viser til at dette er ei plante som blomstrar om våren. Ut frå kvar i landet ein er, blomstrar den heilt frå januar og utover. Her hos oss er den vanlegvis å sjå i mai og juni.

– Kusom trives best i frodig løvskog, men også i open næringsfattig lyngmark ytterst på Vestlandet. Her vart den også brukt som merkeplante. Når kusomen blomstra om våren, kunne kyrne sleppast ut på beite, fortel Hagen.

Powered by Labrador CMS