nyhende
Eit rom med (hav)utsikt
Langs heile kystlinja vår frå Struten fyr heilt sør i Fredrikstad til Bøkfjord fyr i Sør-Varanger finst det fyrstasjonar med moglegheit for overnatting. Du kan leige deg inn på rundt 80 fyr totalt. Og viss du berre vil på dagstur, finst det endå fleire utpostar med spennande fyrhistorie å reise til.
Foreininga arbeider for å bevare nedlagde fyrstasjonar gjennom ny bruk.
– Mangfaldet blant fyrstasjonane som eksisterer i dag er stort, frå dei store og høgreiste betong- eller støypejernsfyrtårna tett på storhavet, til dei små trefyra. Det dei tilbyr er også variert. Derfor er det å besøkje fyrstasjonar interessant og spennande for så mange ulike grupper av folk, seier Carrera.
Alle er automatiserte
Fyrtårnet på sørspissen av Noreg, Lindesnes, var det første i landet som fekk lys i 1656. Sidan har små og store båtar navigert etter lysa frå meir enn 200 fyrtårn langs kysten.
Teknologisk utvikling har gjort at det ikkje lenger er behov for fyrstasjonar med fyrvaktarar på jobb. Drifta av fyrlysa er blitt automatisert og kan fjernstyrast. I 2001 bestemte Stortinget derfor at dei siste 31 bemanna fyrstasjonane skulle avbemannast. Og i 2006 la den siste ordinære fyrvaktaren ned arbeidet sitt. Det var på Bøkfjord fyr i Finnmark.
Særmerkt ferieoppleving
Men dei tradisjonelle fyrtårna våre står der enno som kulturhistoriske landemerke og lyser, og eit fleirtal av dei er gjort tilgjengeleg for allmenta. Kystverket eig dei fleste fyrstasjonane, og dei samarbeider med lokale foreiningar og organisasjonar for å drifte dei. Andre fyrstasjonar er i privat eige og vert drivne kommersielt.
Så sjølv om fyrvaktarane er blitt overflødige, er det mogleg å besøkje og overnatte på mange av Noregs fyrstasjonar, og ein får høve til å leve seg inn korleis tilværet kunne vere for dei som hadde heimen og arbeidet sitt på desse utpostane tett på storhavet i fleire hundreår.
Ønskjer du eit rom med storslått havutsikt, bølgjesus og måseskrik, kan fyrovernatting vere noko å prøve. Det å sove på eit fyr er noko heilt anna enn å bu på vanleg hotell eller i ei ferieleilegheit. Du kjem tett på ramsalt sjø, skipstrafikk, vêr og vind og får kjennskap til kysthistoria vår på ein ny måte.
Frå sovesal til hotellstandard
– Overnattingstilbodet kan vere alt frå sovesal med enkel turisthytteliknande standard i ei moderat prisklasse til luksusrom. Nokre fyr ligg på fastlandet, men ganske mange ligg på holmar og skjer. Då må du sjølvsagt i båt for å komme deg dit. Så du må tole litt sjøgang dersom du vil på fyrferie. For vêret er uføreseieleg og det kan vere bølgjer på overfarten. Men det er jo litt av sjarmen å kjenne på elementa. Fyrbygget toler iallfall vindfulle dagar og sjøsprøyt. Eit fyropphald kan by på deilige, late sommardagar, men også det norskekysten har å by på av vêr og vind, seier Carrera.
Dersom du ønskjer å besøkje eller sove på ein fyrstasjon, er det dei ulike leigetakarane som må kontaktast. Overnattinga er organisert litt ulikt frå stad til stad. Ofte må du ha båttransport for å komme deg til fyret, og som regel er det enkel standard der du må ha med eige sengetøy/sovepose, mat og drikke.
Men det finst også fyrstasjonar med hotell-standard og matservering. Kor mange det er plass til, varierer også frå fyr til fyr. Ein del informasjon om kvart enkelt fyr finst på nettsida til Norsk Fyrhistorisk Forening, fyr.no, og den offisielle reiseguiden visitnorway.no.
Atmosfære med historisk sus
Er du interessert i å dra på besøk til eit fyr som ikkje tilbyr overnatting, er det lov til å gå i land og bruke uteområda på staden. Her er det allemannsretten som gjeld.
– Eg meiner det viktigaste ein tek med seg frå eit fyropphald er den spesielle atmosfæren som er der. Ein får innblikk i korleis det har vore å bu og leve på ein slik utpost tett på elementa. Dette er kulturminne – levande museum der du kjenner historiesuset. Nøkkelen til bevaring er nettopp å bruke alle desse fyrstasjonane. Nokre er opne heile året, andre er tilgjengelege berre på sommaren, seier fyrentusiast Elisabeth Carrera.