nyhende
– Eit potensielt mareritt for norske fruktdyrkarar
Kvart år kjem det tonnevis av importvarer med insekt som kan truge framtida til norsk skog- og landbruk. Nibio-forskar Torstein Kvamme meiner styresmaktene i mykje større grad bør avgrense og forby import av ein del trelast og planter. – Det blir vurdert, svarar Mattilsynet.
– Den brunmarmorerte breitega har over 300 vertsplanter og går på nær kva som helst av frukt og grønsaker. Om ho etablerer seg her, kan ho bli eit verkeleg mareritt for fruktdyrkarane på Vestlandet, seier Torstein Kvamme.
Han er taksonom og seniorrådgjevar ved divisjon for bioteknologi og plantehelse ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) på Ås og kan det meste som er verdt å vite om insekt. Veggane på kontoret har skap fulle av skuffar med titusenvis av insekt frå heile verda.
Den brunmarmorerte breitega (Halyomorpha halys) ligg i ein av dei – og er ein av artane Kvamme oppriktig fryktar skal få fotfeste her i landet. Insektet er eitt av dei mest alvorlege skadedyra i landbruket. Det punkterer frukt og grønsaker, og skadane gir utvendige sår, misfarging og daudt kjøt, som gjer at frukta rotnar raskare og blir ueigna for sal. Opphavleg kjem breitega frå Asia, men har i dei siste åra spreidd seg til store delar av verda. Eplebøndene i USA er blant dei som fortvilar:
– Klimatisk sett kan breitega godt greie seg i Noreg, og det er allereie gjort funn av ho i importerte varer. Ho følgjer importvegar som ikkje har noko å gjere med plantene den lever på, så her kviler det eit ansvar på importørane, som må varsle og sende inn dyr dei finn. Arten er også oppdaga på friland her, men førebels er det ingen indikasjon på at han har etablert seg. Det fryktar eg likevel berre er eit tidsspørsmål, seier Nibio-forskaren.
I bilar og elektronikk
Alarmerande? Definitivt. Framande og invaderande trelevande insekt utgjer ei stor fare både for folkehelsa og land- og skogbruket vårt. Kvamme meiner difor styresmaktene både må styrkje kontrollen av importvarer og avgrense importen.
For det er altså med import desse artane kjem hit – i ulike stadium – i alt frå trelast og hageplanter til bilar, møblar, keramiske fliser, religiøse ikon og esker med elektriske komponentar. Småkrypa som kan slå seg til i norsk natur finst absolutt overalt.
European and Mediterranean Plant Protection Organization (EPPO) er ein database over såkalla karanteneskadegjerarar, og Noreg har si eiga overvaking knytt til både EPPO og eit større globalt samarbeid. Nyleg vart også Framandartlista frå Artsdatabanken revidert. Det er likevel ikkje nok til å trygge Nibio-forskaren. Han er like oppteken av alle artane som enno ikkje er vurdert:
– Det blir funne nye artar heile tida, noko som viser at kontrollen langt frå er god nok. Det finst nær uavgrensa med artar som kan kome hit og som potensielt kan bli problematiske under norske forhold.
Avgrense importen
I Noreg, her til dømes ved-vepsen Sirex høyrer naturleg heime, går han ikkje laus på friske og livskraftige tre. Samstundes syner forsking i Australia, der vepsen er ein framandart, at den har gått til åtak på bartreplantasjar og gjort skadar som i 2018 var rekna til å ha kosta rundt over 240 millionar norske kroner. Eit tilsynelatande ufarleg insekt kan med andre ord oppføre seg heilt annleis i eit framand miljø.
Kvamme meiner difor det er eit openbert behov for å auke kompetansen hjå importørane, og at dei må utføre fleire og grundigare kontrollar. Betre rutinar for destruering av pakkemateriale er også naudsynt. Han er nøgd med at me er i ferd med å få eit breiare fokus, men meiner likevel det må mykje sterkare verkemiddel til:
– Me har enorme mengder import av varer som ikkje er naudsynte, men som kan vere problematiske. Det einaste som vil hjelpe er å avgrense importen i mykje større grad. Eg meiner me til dømes bør redusere import av planter til plantesenter og planteskular for å redusere faren for framande artar, og heller ta inn morplanter og frø. Det er mange som importerer planter i stort volum, og viss plantene inneheldt uønskte organismar blir dei spreidde fort over heile landet. Brunsniglar kom og har spreidd seg med import. Dei har ikkje krope frå Oslo til Trondheim på den eine foten dei har, for å seie det slik.
Politisk sensitivt
Kvamme seier han er klar over at både forbod og regulering kan vere politisk sensitivt og også utgjere eit demokratisk dilemma. Internasjonale handelsavtaler kan truleg òg vere ei utfordring (sjå svar frå Mattilsynet nede i saka). Kvamme påpeiker likevel at land som England, New Zealand og Australia trass i dette har fått gjennom mykje strengare nasjonale importreglar.
Han minner difor om at det også i Noreg har vorte innført totalforbod for somme varer tidlegare:
– For om lag 30 år sidan vart det oppdaga furuvednematode ( Bursaphelenchus xylophilus ) i Portugal, og ikkje lenge etter fekk Noreg forbod mot å importere rå -og rundtømmer frå Nord-Amerika, der furuvednematode er utbreidd. Dette er ein liten, kvit rundorm som drep furu og som blir overført av furubukkar, som finst naturleg i Noreg.
– Det vart påstått at forbodet var politisk den gongen. Det var uansett heilt rett. Det ville ha vore krise om den dukka opp her, seier han og held fram:
– Eit av dei andre problema med å regulere import, er sjølvsagt at det er pengane som rår. Men viss me veit at det er artar som følgjer med visse importerte varer, er styresmaktene då villige til å stoppe importen?
Borkbilleboogie
Det kjem insekt med nær sagt alt, og det er til dømes svært mange borkbiller me absolutt ikkje vil ha, seier Kvamme, som er ein av dei få borkbilleekspertane i Noreg. For sjølv om det kan verke lenge sidan borkebilleboogien herja Noreg, har ulike borkbiller hatt svært høgt aktivitetsnivå i andre land dei siste åra.
Ei av årsakene er varmare klima. Ifølgje det amerikanske landbruksdepartementet vart meir enn 50.000 kvadratkilometer skog i det vestlege USA angripe av borkbiller (deriblant Dendroctonus ponderosae , også kalla fjellfurubille) frå 1997 og 2010. Det svarar til det samla arealet i heile Finnmark og Vestfold fylke. I det søraustlege og nordaustlege USA har arten D. frontalis øydelagt meir enn 140 kvadratkilometer skog sidan 2008.
– Borkbille-åtaka i Nord Amerika har medført enorme areal med daude tre. Det har påverka råvareprisane på tømmer over heile verda. Fleire framande borkbilleartar er vurdert som farlege skadegjerarar om dei kjem hit, men også andre insekt kan øydeleggje treverk. I Hamburg-området finst det allereie etablerte termittar. Kva skjer om dei kjem hit? I Noreg er det mykje trehus – det er reine matpakka for slike artar, seier Kvamme, som gjerne ramsar opp fleire av dei potensielle farane:
Vepsen geithams, til dømes, er tilbake i Noreg etter å ha vore borte i nesten hundre år. Den et mellom anna honningbier. Ein asiatisk slektning, asiatisk geithams, har kome til Europa og finst no i England og Tyskland. Heile honningbisamfunn er øydelagde og arten er ein openberr trussel mot bienæringa. Truleg er det berre eit tidsspørsmål før også den kjem hit, meiner Kvamme.
Soppsjukdomar
Soppsjukdomen almesjuke er ein annan trussel som blir overført av ulike artar borkbiller, og sjukdomen er allereie vanleg i Noreg. I Europa har store delar av almetrebestanden gått dukken, og i Oslo døyr alm av almesjuke kvart år. For fire år sidan vart også borkbilla Xyleborinus attenuatus funnen i Lier. Denne har stort skadepotensial og kan angripe ei rekkje lauvtreartar, forklarar Kvamme, før han tørt konstaterer at problema står i kø.
Det er til dømes ikkje så lenge sidan ein hytteeigar tok med seg ein bit av ein eldre vinstokk heim frå Italia. Året etter gjekk insekt til angrep på massive tresøyler i hytta hans. Det viste seg å vere flathettebiller, som hadde overlevd den norske vinteren. Dei står framleis ikkje på noko liste over skadegjerarar, understrekar Torstein Kvamme:
– Det som står på karanteneskadelistene er berre toppen av isfjellet. Det er snakk om tusenvis av potensielt skadelege artar, og kvart år kjem det eit utal ulike insektartar inn i landet som ikkje er lista som skadegjerarar, men som kan bli det her. Mange av desse artane kan allereie overleve under norske forhold. Og i framtida, med endå varmare klima, vil også trusselen bli endå større.
Urovekkjande stikkprøvekontrollar
Line Ruden, seksjonssjef for planter og innsatsvarer i Mattilsynet, stadfestar at det er mange moglege innførselsvegar for trelevande insekt og andre planteskadegjerarar, og difor utfordrande å halde kontroll. Stikkprøvene dei tek, har vekt bekymring:
– Vi reknar ubehandla treemballasje for å representere høg risiko for innførsel av trelevande i insekt. Det kan vere i bruk ved import av ulike varer frå heile verda. Plantehelseregelverket set krav om at slik emballasje skal vere behandla på godkjend måte og ha med eit internasjonalt merke som stadfestar dette. Stikkprøvekontrollar Mattilsynet har gjort viser likevel at dette ikkje alltid er oppfylt, og det er urovekkjande. Så langt har vi ikkje oppdaga skadeinsekt i samband med dette, men erfaringar frå andre land viser at dei finst, seier Ruden.
Trevirke
Sendingar med trevirke som representere høgast risiko er også regulerte med spesifikke importkrav i plantehelseregelverket. Desse skal førehandsmeldast til Mattilsynet og importørane skal kontrollere varene. Mattilsynet sin jobb er å ta stikkprøvebaserte etterkontrollar. Ruden seier at dei også i desse har påvist få skadegjerarar og insekt som dei har vurdert at inneber alvorleg plantehelserisiko. Det betyr ikkje at dei slår seg til ro med situasjonen:
– Regelverket er no under revisjon. Mattilsynet vil vurdere å foreslå regulering av nye planteskadegjerarar, og om krava til import av visse typar trevirke skal endrast og eventuelt bli innskjerpa, seier Ruden.
Vil vurdere forbod
Forbod mot import av visse varer kan også bli vurdert i samband med den pågåande revisjonen av plantehelseregelverket, seier Ruden. Ho påpeiker likevel at det mest aktuelle truleg er å skjerpe importkrava, til dømes ved å stille krav om behandlingar eller dokumentasjon på opphavet til trevirket.
– Internasjonale avtalar set ein del rammer når vi arbeider med plantehelseregelverket, særleg dei som rettar seg mot internasjonal handel. Importkrava vi set skal vere fagleg grunngjeve, hovudsakleg gjennom risikoanalysar. Dei skal heller ikkje vere meir restriktive enn nødvendig. For varer eller behandlingsmetodar der det finst relevante internasjonale plantehelsestandardar, er vi også forplikta til å ta omsyn til desse, forklarar Ruden, som seier den pågåande revisjonen av plantehelseregelverket også vil omfatte importkrava til plantar og frø.