nyhende
Eit nytt styre – 13 mot 12
Måndag kveld møttes det nye kommunestyret for første gong. Linn Therese Erve (Ap) blei valt til ordførar, med 13 mot 12 stemmer.
Det nye kommunestyret fekk nok å bryna seg på då ordførar, varaordførar, og fleire utval skulle konstituerast.
Opposisjonen kom med motforslag på det meste, men blei nedstemt på stort sett samtlige forslag. Det første på agendaen var ordførar.
Opposisjonen sitt forslag var igjen Monica Vandaskog Valen frå Senterpartiet, men Linn Therese Erve frå Arbeidarpartiet fekk 13 mot 12 stemmer og dermed gjekk det som planlagt. Då det var på tide med varaordførar kom det forslag om Lars Einar Hollund frå Høgre, men det blei nedstemt med 13 mot 12 stemmer, og Ruth Grethe Østebøvik Eriksen blei gjenvalt.
Koalisjonen tar leiinga
Forutan kontrollutvalet kor Ole-Ørjan Hov (MDG) blei leiar, og Arne Valen (Sp) nestleiar, fekk koalisjonen til Ap, Frp og dei uavhengige leiarar og nestleiar i dei fleste hovudutvala.
Bortsett frå hovudutval teknisk/næring, der leiar Håkon J. Skimmeland (Ap) vil få følgje av Mikal Møller Hovda frå Høgre som nestleiar.
Forklaringa på det er ganske enkel, ifølgje den nye ordføraren, Linn Therese Erve (Ap).
– Dei siste åtte åra har posisjonenvalt sin eigen leiar og nestleiar i utvala. Me som er i posisjon no meiner det er til det beste at me også har styring i alle utvala slik at det blir ein kontinuitet i det politiske arbeidet me ønskjer å gjer.
– Posisjonen har gitt nestleiar vervet i teknisk/næring til Mikal Møller Hovda i Høgre som er ein veldig stor ressurs i opposisjonen, så me har strekt ut ei hand der, seier Erve.
I fleire av forslaga som blei lagt fram til hovudutvala minna blant anna Dagfinn Bjørge om at opposisjonen på førehand hadde «gitt» eit hovudutval til den andre sida, den tida dei var i posisjon.
– H, Sp, KrF og MDG varsla at me ville gje opposisjonen utvalsleiar i eit utval. Vår nye ordførar uttalte den gong glede over dette, men la også til at dette var faktisk kutyme i Sveio. Når Ap i ettertid klarte å koma i posisjon og sikra seg ordførarvervet, var ikkje dette lenger kutyme. Når det gjeld kontrollutvalet så er det regulert slik at opposisjon skal ha fleirtal og leiar i utvalet, påpeiker Lars Einar Hollund (H).
– H, Sp, KrF, MDG og SV har signert felles politisk plattform for dei fire neste åra. Me vil vera forutsigbare og samla om mange viktige saker og har til intensjon å søkja felles løysingar på utfordringar som ikkje er omtala i plattforma. Fleirtalet har inngått valteknisk samarbeid for å sikre makt og posisjonar og så langt me kjenner til, er det det einaste dei har presentert som eit samla fleirtal. Kva dette vil bety for avstemminga i kommunestyret vil framtida visa, seier han.
Verv til uavhengige
Den uavhengige representanten, Stian Nygård, fekk verv som nestleiar i hovudutval oppvekst og kultur.
– Me har danna eit fleirtal med to uavhengige, og då er det naturleg at dei også får ein plass i eit utval på lik linje, som også til dømes SV har fått plass i eit utval. Det har noko med samarbeidet i kommunestyret å gjera, me har eit bra samansett styre og det dreier seg om å bruka dei ressursane i utvala, slik at me får bra saksbehandling, så det er ei samla vurdering, seier Linn Therese Erve.
– Avhopparane vil nok gjera ein god jobb i sine posisjonar. Det betenkjelege er korleis dei har kome dit og at dei fekk rett i sine påstandar om at dei ville få betre utteljing dersom dei gjekk over til Ap og FrP, seier Hollund.
Stian Nygård sa dette om det nye vervet då Vestavind snakka med han mandag kveld:
– Eg tenkjer at med tre ungar i skulen, er eg like eigna til det, som alle andre.
Under møtet blei det også, etter ein del diskusjon, bestemt at dei to uavhengige representantane skulle få ein egen representant i valutvalet (tidligare valnemnda).
– Sjølv om dei har meldt seg ut av eit parti så har dei danna ein eigen gruppering, og dei er demokratisk valte inn, så difor tenkte me det er naturleg at dei også sit i valutvalet, fortel Erve.
Det kan også nemnas at Ole Johan Sveen (uavhengig) fekk plass i hovudutval teknisk/næring. Koalisjonen til Sp, H, KrF og MDG brast som kjent då Nygård og Sveen meldte seg ut av Høgre for nokre veker sidan.
– Eg har fått utelukka positive reaksjonar frå dei som har henvendt seg til meg direkte om utmeldinga, seier Nygård.
– Har du angra på at du meldte deg ut av Høgre?
– Nei. Det var eit val som for meg berre har blitt tydeligare at var det rette for meg.
Nygård har sett sin lit til det nye samarbeidet.
– Eg trur dei fleste av oss har liknande interesser, og har lyst til å jobba saman for ein god kommune for innbyggjarane, og eg trur at denne koalisjonen er minst like eigna til å gjera det, som den andre, seier han.