nyhende
Eit mål å bli einige før møtet i kveld
I 12-tida i dag kan ordførar Linn Therese Erve fortelja at dei ikkje er i mål med forhandlingane enda.
– Dialogen held fram enda, det er gruppeleiarane som tar seg av den konkrete delen. Eg ønskjer ikkje å kommentera innhald når me er i dialog, seier Erve.
Det er eit mål å bli einige før møtet startar klokka 17 i kveld.
John Anders Semb er ein av dei sju kommunestyrerepresentantane til Sveio Ap, og har dei siste dagane blitt etterspurt i samband med skulesaka.
Låg profil
Semb fortel at han framleis er medlem i Sveio Ap, og kjem til å halda på plassen sin i kommunestyret.
– Eg har valt å halda ein låg profil i denne saka grunna helsemessige årsaker, forklarar Semb.
Han vil gjerne få fram at han aldri har opplevd partipisk i hans gruppe.
– Det er ikkje press frå nokon, seier Semb, som har meldt forfall til møtet i kveld.
Nesse stiller som vara
Ordføraren opplyser om at vara er ordna.
– Svein Magnar Nesse møter i staden. Han har langs fartstid i politikken, og er godt orientert om saka. Han har vore med på slike prosessar tidlegare, seier Erve.
Fleire har merka seg at ordet konflikt blei brukt i pressemeldinga frå ordføraren skreiv i går kveld.
– Kva legg du i dette?
– Eg tenker på konfliktnivået frå innbyggjarane mot politisk hald, og motstand og ueinigheit i kommunestyret. Eg ser på det som viktig at me får eit samla vedtak i kveld, seier Erve.