nyhende

Slik ser det ut på veggen til Sveio soknehus onsdag ettermiddag. Foto: Morten Vågset Møller
Slik ser det ut på veggen til Sveio soknehus onsdag ettermiddag.

Eit lite bokstavdrama i Sveio

Noko skurrar på veggen til Sveio soknehus. Eller rettare sagt: på Veio soknehus, slik det står no.

Publisert Sist oppdatert

Bortfallet av S-en blei oppdaga laurdag, seier styreleiar i Sveio soknehus Bent Rune Sinnes. Etter at stormen «Amy» herja, har bokstaven truleg teke ufrivillig permisjon, eller rett og slett falle ned på bakken.

Sinnes opplyser at bokstaven er i god stand, og at soknehuset har sett i gang ein prosess for å få S-en tilbake der ho høyrer heime. Han betryggjer samstundes Vestavind sine lesarar om at det ikkje er snakk om noko namnebyte, berre ein tapt bokstav som snart skal på plass igjen.

For ordens skuld vil vi opplyse om at Bent Rune Sinnes også er styreleiar i Vestavind.

Powered by Labrador CMS