nyhende
Ordførarar, næring og industri samlar seg:
– Eit analyseapparat er veldig viktig å få på plass
Ordførarane på Haugalandet synest det går for seint å få svar på covid-19-prøvar her i regionen. Dei meiner at ei analysemaskin vil vera ei investering for framtida.
Det blei i dag sendt ut ei pressemelding frå ordførarane der det går fram at smittesporinga blir krevjande når det kan ta inntil fem dagar å få svar på prøvane. Dei siste dagane har 300 personar blitt testa for covid-19 her lokalt.
«Det dukkar opp enkelte svar som er positive, der ein igjen må starta sporing rundt omgangskretsen til personane. Dagane går og kontrollen med smitta kan glippa, dette til trass for ei god handtering av koronaepidimien i regionen» står det i meldinga som ordførarane stiller seg bak.
Løysinga dei vil fram til, er å oppgradera sjukehus over heile landet med ein PCR-analysemaskin. Denne vil også koma til nytte i andre sjukdomstilfelle.
Linn-Therese Erve støttar ordførarkollegaene rundt seg.
– Eit analyseapparat er veldig viktig å få på plass. Det er ei utfordring med sporingsarbeid når det kan ta opptil 72 timar å få eit svar. Smittesporingsarbeidet blir meir krevjande enn nødvendig, påpeiker ho.
Støtte frå næring og industri
Næringsforeningen Haugalandet, og industriverksemder med Aibel, Kårstø og Hydro i spissen er kopla på som støtteapparat i utspelet frå ordførarane på Haugalandet.
– Dette er krevjande for næringslivet. Blir ein person smitta, må mange nærkontaktar i karantene. Prosessen vil gå mykje raskare om ein har eit analyseapparat, seier Erve.
I følgje meldinga, etterlyste Haugesunds-ordførar Arne-Christian Mohn analysekapasitet på sjukehuset i Haugesund tidlegare i sommar. Då var svaret frå Helse Vest at det ikkje var økonomisk forsvarleg.