nyhende

I snitt får Mental Helses døgnopne svarteneste 800 førespurnader dagleg. 17. mai aukar pågangen. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
I snitt får Mental Helses døgnopne svarteneste 800 førespurnader dagleg. 17. mai aukar pågangen.

Einsam på 17. mai? – Dette kan du gjere

Med 17. mai rett rundt hjørnet, er det også fleire som kjenner på einsemd, utanforskap og press. Mange av dei er unge. Hjå Mental Helse er snittalderen på dei som tek kontakt 21 år.

Publisert Sist oppdatert

17. mai nærmar seg og det blir merka på Mental Helse Hjelpetelefonen 116 123 og sidetmedord.no. Fleire samtalar handlar om einsemd, utanforskap og sosialt press.

– Høgtidsdagar, som nasjonaldagen, kan forsterka kjensla av å stå utanfor, fordi fokuset i samfunnet ligg på feiring, fellesskap og glede. For mange blir dette ein kontrast til korleis dei faktisk har det, og då blir behovet for å dela kjenslene sine ekstra stort, seier Linda Berg-Heggelund, generalsekretær i Mental Helse i ei pressemelding.

Einsemd og sosialt press

I snitt får Mental Helses døgnopne svarteneste 800 førespurnader dagleg. I høgtidene aukar pågangen.

Det er folk i alle aldrar og kjønn som tek kontakt, men snittalderen er 21 år.

– Me ser ofte at unge, og spesielt kvinner, er overrepresenterte når det gjeld samtalar om einsemd og sosialt press. Samtidig får me også mange samtalar frå eldre som kjenner seg ekstra åleine, seier Berg-Heggelund.

Ho råder folk til å kjenna etter kva ein faktisk treng og orkar. Ein må ikkje delta i alt eller gjera det same som alle andre. Av og til er det beste ein kan gjera å laga si eiga ramme for dagen, anten åleine eller saman med nokre få. Det er heilt greitt å ha blanda kjensler knytte til ein dag som dette, seier generalsekretæren:

– Lag ein plan for dagen, sjølv om det berre er noko lite som gjer deg godt. Det kan også vera lurt å avgrensa bruken av sosiale medium denne dagen, sidan det ofte forsterkar kjensla av å stå utanfor.

Bruk nærmiljøet

For menneske som ikkje har ein etablert vennekrins eller familie å feira med, kan det vera fint å sjå etter opne arrangement, lokale tilbod eller små samlingar der ein kan møta andre i same situasjon. Fleire av Mental Helses fylkes- og lokallag har også arrangement denne dagen som er gratis og one for alle.

– Me oppmodar også om å skriva eit innlegg på forumet vårt og høyra om det er andre i nærleiken som også ønskjer å gjera noko saman. Det skal lite til for å kjenna på fellesskap, og det er fleire enn ein trur som sit med dei same kjenslene, oppmodar Berg-Heggelund.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS