nyhende
Einar Økland: – Sommaren har aldri vore den tida eg har reist mest
Einar Økland er ein anerkjent nynorskforfattar frå Sveio, kjent for eit mangfaldig og nyskapande forfattarskap.
Kva er det beste du veit med sommaren?
– For meg har sommaren stort sett vore prega av mykje arbeid på garden. Det har gjerne gått i eitt heime, men eg hugsar det som ekstra fint når det regna – då kunne vi ta oss fri og dra ut og fiske. Det var alltid kjekkare enn gardsarbeidet.
Har du ein eller fleire sommartradisjonar du alltid må gjera?
– Vi tende alltid bål om sommaren. Det enda ofte med seine kveldar og noko godt i glaset. Det er ei stund sidan vi har gjort det no, men det var ei fin tid.
Kva er ditt beste sommarminne?
– Nokre av dei beste minna eg har, stammar frå då eg var fire-fem år gammal. Då kom det gjerne folk frå byane på ferie hit, og eg fekk leike med nye vener. Eg hugsar spesielt ei jente eg leikte mykje med – vi vassa i regnet og levde oss inn i fantasiverda. Vi lo ofte av bybarna, for dei var ikkje like robuste som oss, og bylivet misunte vi ikkje. Men dei var alltid morosame å vere saman med og gav oss bygdebarna ei slags kulturoppleving.
Kva er din favorittsommarmat og/eller -drikke?
– Eg er veldig glad i fersk fisk. Eg har fiska mykje opp gjennom åra, og makrell rett frå sjøen har ofte vore eit høgdepunkt. I tillegg har eg vore heldig og hatt ei mor som kunne lage skikkeleg gode fiskemiddagar.
Kva skal du bruka sommaren på i år?
– Eg kjem nok til å jobbe litt på garden og halde meg ein del heime. Eg er jo min eigen sjef, og sommaren har aldri vore den tida eg har reist mest. Men av og til blir det nokre turar i jobbsamanheng. Det blir også fint å få besøk av barnebarna – og av borna, sjølvsagt.
Kva er din draumeferiedestinasjon og kvifor akkurat dit?
– Eg har reist ein del gjennom jobben og trivst godt i byar med lange tradisjonar, som London, Aberdeen og Edinburgh. Ein spesiell oppleving var òg då familien og eg budde ein periode i den vesle byen Chipiona, utanfor Cádiz. Vi var stort sett dei einaste utlendingane der, og det var noko heilt for seg sjølv.