Einar Økland trur eit bokbad med servering vil gå heilt fint, og håpar dei serverer noko lokalt brygga.FOTO: NPK
Einar Økland får Amboltprisen
Amboltprisen 2022 går til forfattar Einar Økland frå Valevåg. Prisen blir delt ut under Poesifestivalen og gå til ein person som har arbeidd for Olav H. Hauge si dikting og gjort henne kjent.
NPK: Amboltprisen 2022 går til forfattar Einar Økland. Prisen blir delt ut under Poesifestivalen og gå til ein person som har arbeidd for Olav H. Hauge si dikting og gjort henne kjent.
Det går fram av ei pressemelding frå Styret i Venelaget Olav H. Hauge, som deler ut prisen.
Tildelinga skjer under Poesifestivalen i Ulvik laurdag under arrangementet «Med Økland og Hauge i eplehagen».
Økland får prisen for sitt mangeårige virke og mangslungne arbeid med å løfte fram Olav H. Hauges dikting.
Økland debuterte med diktsamlinga Ein gul dag i 1963. sidan då har han gitt ut over 80 bøker i dei fleste sjangrar: romanar, dikt, barnebøker, essay/essaysamlingar, dramatikk, kritikkar med meir. I tillegg har han gjendikta store mengder utanlandsk poesi og vore ein sentral person i dei litterære tidsskrifta Profil og Basar og ulike kunstnar/forfattarorganisasjonar.
– Økland har gjennom virke sitt stadig framheva Hauge i foredrag, innlegg og meir litterære studiar, heiter det i grunngjevinga for kvifor Økland får prisen.