Brann - FKH blir gratis, men skal du ha med deg alle kampane i årets eliteserie krev TV2 399 kornar i månaden.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Éin viktig tv-kamp for sveibuane blir gratis
Mange fotballinteresserte ser fram til serieopninga i norsk eliteserie den 10. april. No er det klart at godbiten mange i Sveio ser fram til, Brann- FKHaugesund, vil gå på ein gratis kanal.
NPK: TV 2 sender to eliteseriekampar på hovudkanalen i første runde. Rosenborg mot Viking og Brann mot Haugesund er kampane som blir sende på TV 2 Direkte i første runde av Eliteserien. Fem av kampane vil berre gå på TV 2 Play.
Den første og siste kampen av Eliteseriens første runde vil bli sendt på TV 2 Direkte. I tillegg blir Stabæk sendt mot Odd på TV 2 Sport 1.
Resten vil bli tilgjengeleg gjennom TV 2 Play. Eliteserie-pakken på strøymetenesta vil koste 399 kroner i månaden.
– For dei som vil sjå alt, er det TV 2 Play som gjeld. Og så vil også utvalde kampar i alle ligaene bli viste på TV 2s opne kanalar, seier sportsredaktør Vegard Jansen Hagen i TV 2 i ei pressemelding.
I den andre runden vil ingen av kampane sendast på TV 2 Direkte, men to kampar blir sende på lineær-TV gjennom TV 2 Sport 1.
I Toppserien vil ein kamp i dei to første rundane bli sendt på TV 2 Sport 1. I tillegg vil NRK også vise ein av kampane.