nyhende
– Ein trygg stad å veksa opp
Politikontakten for Sveio heldt nyleg orientering for kommunestyret. Der snakka han om biletet politiet har av kommunen.
Før det siste kommunestyret før sommarferien gjekk politikontakt for Sveio Jostein Salemonsen opp til podiet. Då forklara han kva situasjonen er i kommunen ut i frå politiet sine auge.
— Det er lite rus i Sveio, sa Salemonsen.
Skilnad på by og bygd
Av utfordringane rundt rus i kommunen er det faktisk den lovlege sorten som utgjer det største problemet.
— Det er alkohol som dominerer, sa han.
Salemonsen nemnde at Sveio liknar resten av landet. Han understreka også at det er ein skilnad frå bygd til by, både på godt og vondt.
— Det er meir bruk av narkotika i byar, samstundes som det er meir problem med ungdom og alkohol i bygdene, sa han.
Politiet har merka endring i kva rusmiddel som vert nytta blant dei yngre.
Ny tilnærming
Mange ungdomar i Sveio vil verta eksponerte for ulovlege rusmiddel først når dei kjem over ein viss alder.
— Hasj og kokain er nær ikkje-eksisterande på ungdomskulenivå, men aukar på vidaregåande, sa han.
Dei siste åra har politiet byrja å møta ungdom som brukar rus på ein annan måte.
– Me prøver å hjelpa dei med rådgjeving i staden for straff. Me ser meir på det som eit helseproblem enn tidlegare, sa Salemonsen.
Samarbeid
På spørsmål frå kommunestyret om korleis han held oversikt viss ein ung sveibu vert teken for noko ulovleg utanfor hans område, viste han til samarbeid.
– Eg snakkar vekentleg med mine kollegaer i Haugesund, og om ein med tilhøyrsel i Sveio gjer noko ulovleg vert eg informert, svara han.
Samla sett meinte han at kommunen låg godt an.
— Det er lite kriminalitet i Sveio, tala er låge. Det er ein trygg og god stad å vakse opp, sa han.