nyhende

Sølvi Margrethe Vesterheim jobbar på Haugli i Sveio.
Sølvi Margrethe Vesterheim jobbar på Haugli i Sveio.

– Ein trygg oppvekst på Søra Våge

Vekas sveibu er eit kjend ansikt for dei som likar dufta av nytrekt kaffi og fersk bakst.

Publisert Sist oppdatert
– Kva gjer du til dagleg?
– Kva gjer du til dagleg?

Hei, sveibu!

Namn: Sølvi Margrethe Vesterheim

Alder: 60

Bustad: Lyngholm

– Eg jobbar fulltid på Haugli, og så er eg mormor, mor og besøksvenn gjennom frivilligheitsentralen.

– Kva er det beste med å vera sveibu?

– Hmm, eg har jo vore sveibu så lenge… Det er veldig mange hyggelege folk. Eg treffer mange hyggelege menneske kvar dag.

– Er det noko du saknar i Sveio?

– Tannlege og lege. Det er ikkje tannlege i Sveio-bygda og for lite kapasitet med legar.

– Kva er ditt beste Sveio-minne?

– Oppveksten vil eg påstå. Det var veldig trygt. Eg vaks opp på Søra Våge.

– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?

– Dei politisk engasjerte. Dei som jobbar for å betra samfunnet.

Powered by Labrador CMS