nyhende
Ein, to, trilogi
Hans Günter Bonenberger gav ut si tredje diktsamling i april månad. Samstundes var han midt oppi den vanskelegaste tida i livet sitt. – Det kom overraskande på, seier Bonenberger.
Det berre måtte verta ei diktsamling til fortel han.
– Eg tenkte når eg byrja at eg ville ha ein trilogi, seier Hans Günther Bonenberger.
Førdebuen sitt nyaste verk, «Mellom jord og himmel», er avslutninga på dei to samlingane som kom føre, og når han gjev ut noko nytt vil det vera annleis.
– No er eg ferdig, og håpar den fjerde vert noko anna. Eg skal eit hakk vidare, seier han.
Mista kona
Intervjuet blir ikkje gjort i stova på Hanaleite, men over telefon. Bonenberger sit på ein terrasse i Fredrikstad og nyt utsikta. Planen har i lang tid vore å flytta dit, men grunna nylege hendingar er det ekstra godt å vera borte frå heimen.
– Det kom overraskande på, seier han.
Kona til forfattaren gjekk brått bort i midten av april, og tida etterpå har vore vanskeleg.
– Ho skal i minnelund her i Fredrikstad i haust, fortel han.
Livet har vore ei tåke
Bonenberger er ærleg om kor tungt det er. Livet har vore i tåke ein stund, samstundes som han ser tap som ein beklageleg del av det å vera menneskje.
– Sånt er livet, me veit ingenting, men lyt leva, seier han.
Bortgangen til kona kom samstundes som diktsamlinga skulle gjevast ut. Eit av dei første dikta tek for seg mor til Bonenberger, ei anna kvinne han har eit sakn for. Førdebuen var fødd i Tyskland og sendt på «ferie» til Hardanger som liten gut. Då visste han ikkje at han skulle bli verande der, skilt frå mora.
– Samlinga er laga slik at det er fleire korte dikt, så dei som likar dikt litt kan få noko ut av det, samstundes som dei meir interesserte kan halda fram med lesinga, seier han.
Evigvarande irritasjonsmoment
Denne gongen har Bonenberger teke sikte på tema som data, sjølvie eller «selfie» og eit evigvarande irritasjonsmoment for han, politikarar.
– Eg har fått nokre telefonar frå rundtom i sør-Noreg frå folk som er veldig nøgde. Eg trur eg traff ein nerve, seier han.
Blant dikta finn ein også noko frå barndomen i Hardanger, kor karakterane er baserte på ekte personar. Forfattaren fortel det gjekk nesten litt for raskt å skriva ein trilogi, men at det enda godt.
– Eg er skikkelig nøgd med denne. Sjølviediktet synest eg ikkje kan vera meir på kornet, humrar Bonenberger.