nyhende
— Ein tidleg morgontur til Emberlandsnipen i det rette vêret ei oppleving
Tore Mikal Nerhus er gjest i «Hei, sveibu!» denne veka.
— Eg er salsansvarleg for elektriske kjøretøy hos Kverneland Bil/Ford i Haugesund.
— Kva er det beste med å vera sveibu?
— Det må vera den korte vegen til alle former for friluftsliv. Eg kan spenna på meg rulleskia like utanfor døra eller springa milevis på asfalt eller dei mange turstiane som finst i kommunen. På bursdagen min, for eksempel, brukte eg tre-fire timar på å springa 34 kilometer rundt store delar av kommunen. Ein for kvart år. Det var ganske krevjande. Og neste år blir det 35… Ein kort kjøretur unna finst det massevis av flotte fjell å springa opp på. Og det er ein fin plass å bu, sentralt, men ikkje altfor tett.
— Er det noko du saknar i Sveio?
— Som innflyttar frå Sunnmøre saknar eg litt dei høge og bratte fjella. Elles trivst eg svært godt.
— Kva er ditt beste Sveio-minne?
— Først og fremst at me har fått alle dei tre barna våre her. Elles er ein tidleg morgontur frå Stølen til Emberlandsnipen i det rette vêret ei oppleving.
— Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
— Alle dei frivillige som står på i allidrett for barn, og dermed sikrar at me har dette tilbodet å senda barna våre til.