nyhende
Ein strålande start på dagen
Midt i sendinga av vekas papiravis til trykkeriet, dukka denne fantastiske gjengen opp.
Med politisk sekretær Bjarte Stølås Storli i spissen som sjølvaste Lucia, og ordførar André Mundal Haukås berande på ei korg med lussekatter, toga dei inn på kontoret til Vestavind med store smil og latter.
Me høyrde at det knaka godt på veranda før dei kom inn døra. Men at det skulle bli ein så fin start på dagen kom heilt uventa.
Før Lucia-toget tok turen til Vestavind, var dei rundt i heile kommunehuset og gledde dei tilsette der.
– Me har vore på alle avdelingar der det er folk. Inkludert tannlegekontoret der ein som låg i tannlegestolen blei glad for å få besøk. Litt seinare skal eg ein tur til dagsenteret på SOS med lussekattar til dei som er der, fortel ordføraren.
Det er heilt sikkert mange andre stadar i Sveio der Luciadagen blir feira. Send oss gjerne bilder og info om kvar og kven på e-post tips@vestavind-sveio.no.