nyhende

12 millionar skal sparast inn dei neste tre åra:

Jostein Førre tek permisjon frå stillinga som rådmann i Sveio kommune komande haust.ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Jostein Førre tek permisjon frå stillinga som rådmann i Sveio kommune komande haust.

– Ein stor sum for Sveio kommune

For å halda økonomien i Sveio kommune god, er det heilt nødvendig å gjera kutt i drifta. Det kan bli slutt på blomster i bygdene sommarstid, innkjøp av Chromebook kan bremsast og ressursar i barnehage kuttast.

Publisert Sist oppdatert

Forslag for å oppnå større økonomisk handlingsrom:

  • Det er rekna å spara 95 000 kroner ved å ta bort det kommunale tilbodet om varmtvatn-basseng hjå Revmatismesjukehuset i Haugesund, eller vurdera eigenbetaling for tenesta.
  • Det er foreslått å redusera tilskot til fysioterapi.
  • Arbeidet med flyktningar blir trappa ned i kommunen. Éi stilling bør reduserast i 2022 i staden for 2023 som tidlegare planlagt.
  • Planlagt innkjøp av IKT-utstyr i skulen er redusert med 350 000 kroner, noko som kan bety redusert satsing på IKT i grunnskulen. Ein kan vurdera å gå bort frå éin Chromebook per elev på 1.-3. trinn og heller bruka klassesett.
  • Det er lagt opp til å redusera ein stillingsressurs ved Valestrand oppvekstsenter avdeling barnehage med 30 prosent. Det vil gjera det meir krevjande å driva barnehagen, spesielt i starten og slutten av barnehagedagen.
  • Blomstertårna som står rundt om i kommunen om sommaren er planlagt å ta bort.
  • Fellesrådet ber om høgare tilskot til kyrkja, mellom anna til vedlikehald av gravplassar, kyrkjeverje i større stilling og mlåing av Valestrand kyrkje. Tilskot blir ikkje auka i 2022.
  • Ellers har Frilager søkt om 50 000 kroner i driftsstøtte, dette er ikkje prioritert.

Snømåking, vedlikehald av bygg, energi- og klimatiltak, veglys, oppgradering av skular. Alt er fragment av kommunen sine oppgåver ovanfor innbyggjarane sine, og alt har sin kostnad. Alt er summert i rådmannen sitt framlegg til budsjett for neste år.

Handlingsrom

Det går i balanse, men sparing er som tidlegare varsla ein viktig faktor, og det kan ikkje skje utan at sveibuen merkar det. I 2022 skal det sparast inn 3,4 millionar kroner frå drifta, og 4,3 millionar kroner i 2023 og 2024 – totalt 12 millionar kroner.

Alt i alt er rådmannen som har vore i rådmann-jobben sidan 2017, nøgd med å ha forma eit budsjettforslag som går med overskott. Kutta blir gjort for å ha ein sunn økonomi og økonomisk handlingsrom, forklarar han.

Sveio kommune har låge inntekter i forhold til ein gjennomsnittskommune, og har derfor trong for å ha lågare utgifter enn andre kommunar. Når enkelttenester krevjer meir ressursar, må dette takast inn på andre område.

Utfordrande

– For Sveio kommune er det mykje med 12 millionar kroner, det er litt over éin prosent årleg. 12 millionar kroner over tre år er ei utfordring. Eg tenker at me skal finna så gode driftsløysingar me får til innafor driftsrammene me har, og laga eit best mogleg tilbod for dei pengane me har til rådigheit, seier rådmannen, som kan presisera at kutta er reelle og nødvendige.

–  Kva om ein ikkje hadde kutta kostnadar no?

– På eit tidspunkt vil ein få eit underskot, og etter ei stund, alt etter kor store fond ein har, kjem ein på ROBEK-lista. Det vil seia at kommunen blir underlagt statleg kontroll, seier Førre.

Mindre IKT-utstyr

Han ser at dei kan vera utfordrande for brukarane. Når det gjeld 2022, er det behov for å setja av meir pengar til helse, totalt sju millionar kroner.

–  Det er lagt inn ei auke på 2 millionar kroner til pleie og omsorg, som kjem våre eldre til gode, og fem millionar for habilitering. Dette er nødvendige auker, seier Førre.

Ellers blir det redusert jamt over i resten av kommunen.

Til dømes kan det vera at ein går vekk frå éin bærbar PC per elev i 1.-3. klasse, og heller nytta klassesett – då slepp ein utgifta med kjøpa inn nye Chromebookar.

Vidare har to fysioterapeutar har sagt opp avtalane sine, og det er foreslått at ein av desse praksisane ikkje blir lyst ut på ny.

– Som eit forslag trekk me heller inn tilskotet for å spara pengar. Det er enda to fysioterapeutar i Førde, to på Albatross og to kommunalt tilsette, seier Jostein Førre.

Me har blitt færre

1. januar 2021 var folketalet på 5 798 personar, ved utgangen av andre kvartal var det 22 færre innbyggjarar i kommunen. For tida er det nedgang i folketalet i Sveio, vekstkommunen på Haugalandet. At veksten har flata ut, gir ein uventa og utfordrande situasjon, som òg gir negative impulsar til budsjett- og planarbeidet. Administrasjonen må ha i bakhovuda at ein mogleg må byggja ned tilbod for dei yngste om nokre år, som alt er etablert og dimensjonert for vekst.

– Vekst gir større moglegheiter. Det motsette av vekst slår ut for alle si oppleving av tilbodet i negativ forstand, seier Førre.

I tråd med tidlegare prognosar, trur ein at folketalet vil halda fram med å veksa. Rådmannen håpar at nedgangen er ein dupp som ein ikkje ser igjen på ei god stund.

Investeringar

Det er sjølvsagt ikkje berre lagt opp til innsparingar. Meir usynlege, men nødvendinger investeringar slik som i vatn, avløp og renovasjon (VAR) er ivareteke. Rådmannen trekk også fram to store positive saker for sveibuen.

– På investeringsbudsjettet ligg det inne pengar til nytt barnehagebygg til Sveio barnehage og nytt svømmeanlegg, fortel rådmannen, og plussar på at det også er tatt høgde for at tomta for ny idrettshall skal førebuast.

Neste år er berre nokre veker unna, og det er politikarane som skal vedta budsjettet. Dei står sjølvsagt fritt til å koma med eigne innspel og forslag til endringar. 13. desember er dagen kommunestyret skal gjera vedtak i saka.

Powered by Labrador CMS