nyhende
Bygg og bu
Ein prestegard utanfor allfarveg
I eit over 100 år gammalt hus på eit idyllisk småbruk, der lyden av kyrkjeklokker knapt når fram, finn den nye soknepresten inspirasjon til preikene sine.
Vakrare vinteridyll er det vanskeleg å finna på våre kantar. Sola skin over nybrøyta gardsvegar. Ein halv meter tjukt og urørt snøteppe fordeler seg utover skog, frukthagar og sauebeite. I eit sørvendt og lunt hjørne av gardane på Nedre Lier, ligg eit gamalt kårhus midt i føremiddagssola. Huset, som nyleg blei fullstendig renovert, er nå bustad for den nye soknepresten i Førde og Valestrand, Trude-Christina Halvorsen.
– Kvifor valde du å bu her?
– Då eg hadde fått jobben, la eg ut på Facebook ei førespurnad om ein plass å bu. Det kom inn fleire meldingar, spreidde rundt frå heile kommunen. Eg reiste rundt for å sjå på ulike tilbod, noko som forresten var ein fin måte å bli kjend på kringom i Sveio. Valet fall på denne sjarmerande staden på Lier ved Førde. Dermed har eg kort veg til soknet og kyrkjene som eg primært skal arbeida i; Førde, Valestrand og Eikeland kapell.
Presten fortel at det er ein fin spasertur til Førde og sykkelavstand til Valestrand og Eikeland.
– Eg har òg sykla til Sveio sentrum, der eg og skal halda gudsteneste iblant. Bra med sykkelveg langs heile strekninga, men den gruslagde sykkelvegen i Hanabrekko fortener ei kraftig opprusting.
Teologien endrar seg
Trude-Christina Halvorsen er fødd og oppvaksen i Bergen og tok i 2023 mastergrad i teologi ved Det teologiske Menighetsfakultetet i Oslo. Ho nølte ikkje lenge med å bli prest, for ei veke etter avlagd eksamen blei ho ordinert, eller vigsla, av den nye biskopen i Bjørgvin, Ragnhild Jepsen. Dette skjedde i Skjold kyrkje i Fana, hjå kyrkjelyden der den nyslåtte presten hadde vakse opp.
Den første prestejobben hadde ho i Bryn kyrkjelyd i Bærum. Etter to år i denne stillinga lengta ho mot vest. Ho ville bu nærare familie og kjærasten, som bur og arbeider i Moi i Rogaland. Ho fann den ledige stillinga i Sveio og sende inn søknad siste dagen før fristen gjekk ut.
Halvorsen må reknast blant dei meir liberale og moderne teologane i Den norske kyrkja. Ho er sjølv skeiv og vil vigsla andre skeive, som vil inngå ekteskap i kyrkja.
– Teologien i Den norske kyrkja har endra seg mykje dei siste tiåra. Kyrkja må endra seg i takt med folket og korleis folk opplever gudsbiletet og Bibelen sine ord sett i høve til kvardagen me lever i.
– Korleis er du blitt motteken i dine nye kyrkjelydar?
– Eg er blitt særs godt teken imot. Eg møter fine folk, og det er lett å få folk med på gøyale arrangement. Men eg opplever, liksom mange andre prestar i Den norske kyrkja, at det kan vera vanskeleg å få god oppslutning om gudstenesta søndag føremiddag, når det samstundes er fint vêr eller store idrettsarrangement.
Men dersom det er ønskjeleg, kan me halda gudstenester på andre dagar og til andre tider. Dette må me bli samde om i god tid i førevegen. Arbeidsmiljølova gjeld også for oss prestar, seier Halvorsen med eit glimt i auga.
«Herren er min hyrde ...»
Trude ønskjer oss velkommen i det nyrestaurerte huset på Lier. Veggene i stova og på kjøkkenet i naborommet er huset sine opphavlege, utilslørte tømmervegger. Eit stort vindauge i kvar vegg slepper inn ein flaum av ljos i dette hjørnerommet, som har utsyn mot det islagde og snødekte Liervatnet. I motsett hjørne av stova er ein gammal brannmur tapetsert med sider frå aviser som vart utgjevne rundt 1920, då huset stod ferdig.
I andre høgda er to soverom og ei loftstove, som i eldre tider blei nytta som strikkestove. Gjennom fleire tiår var det tre sysken som budde i dette huset. Elisabeth hadde strikkemaskin og budde og arbeidde i dagens loftstove. I tillegg budde søstera Serine her saman med broren deira, Oscar. Han var ein mangesyslar, birøktar, sterkt botanisk interessert og reiste i periodar av året rundt i distriktet som emissær.
På den eine veggen i trappeoppgangen opp til loftet heng eit lite skilt med bibelsitatet «Herren er min hyrde …», og under skiltet er to heimelaga spaserstokkar festa til veggen.
– Då me restaurerte dette gamle huset, som ber namnet Steintre, ønskte me å ta vare på ein del av det gamle inventaret og det tidstypiske preget i huset, seier Gjertrud Matre Aronsen. Saman med ektemannen Vigleik Aronsen eig ho huset og garden som huset står på. Dei har sjølve stått for den omfattande renoveringa av prestebustaden.
Ei gjennomgripande fornying
Oppstarten til restaureringa skjedde for meir enn ti år sidan.
– Dei to første åra brukte me til å reinska ut alt rot og skit frå dei ulike etasjane. Eit omfattande, men nødvendig arbeid før ombygginga kunne ta til, seier Gjertrud.
Det er i sanning ei gjennomgripande fornying og oppgradering av bustaden som har skjedd.
– Me laut ta tida til hjelp og har halde på periodevis gjennom ni år, seier Vigleik. Han legg til at arbeidet i hovudsak er gjort på haust og vinter.
– Om sommaren er det så mykje anna som skal gjerast.
Vigleik og Gjertrud såg straks at huset verka skeivt, og då dei hadde fjerna nedste delen av ytterkledninga på det eine hjørnet, viste det seg at botnstokken var heilt roten. Dei jekka opp huset, fjerna det rotne, grov vekk steinar og anna underlag og støypte ein ny mur under denne delen av huset. Nye botnstokkar måtte deretter på plass under tømmerveggen.
I takkonstruksjonen blei det også funne råte i åsane, dei langsgåande berande bjelkane. Desse måtte forsterkast med nye, kraftige bjelkar som blei lagde langs dei gamle.
Gamle takpanner blei tekne ned, og taket fekk nytt undertak, ny papp og nye lekter før nye svarte, dobbelkrumma teglpanner blei lagde som ytste taktekking.
Nye vindauge
Heile huset fekk ny ytterkledning, og alle vindauga blei skifta ut. Dei nye vindauga er laga etter mål, har trelags isolerglas og med same høgde og inndeling som dei opphavlege vindauga. På framsida vart dei eldste vindauga ein gong skifta ut med såkalla husmorvindauge utan sprosser. Desse er nå fjerna og fasaden er ført attende til eit meir opphavleg uttrykk.
Vigleik fortel at det aller meste av arbeidet har dei gjort sjølve, men med innleigd hjelp til skifte av ytterkledning, vindauge og elektrisk arbeid.
– Skulle me gjort alt sjølve, ville prosjektet teke enda lengre tid.
Før ny kledning kunne monterast, blei veggene lekta ut med 2 x 4-stenderar. Mellom desse blei det lagt isolasjon, og utanpå kom asfaltplater og vindsperre før sjølve ytterkledninga.
Den gamle skorsteinen viste seg også for dårleg til å kunne brukast vidare. Pipa måtte rivast heilt ned. Men då viste det seg at pipa var ein sentral del av den berande konstruksjonen i huset.
Etter kvart som murverket blei fjerna, måtte det kompenserast med søyler som støtta opp resten av huset. På liknande vis måtte dei finna erstatning for berande konstruksjonar når berande veggar blei flytta.
Kjøkken, bad og toalett
Både vegger og golv innandørs hadde fått merke etter lekkasje i taket. Veggane hadde mest kosmetiske skadar, medan golvbord og bjelkar måtte skiftast.
Under golvet til det gamle kjøkkenet låg ei lita steinrøys. Denne blei fjerna og erstatta med eit nytt betongfundament. I staden for kjøkken blei rommet gjort om til bad og toalett, medan kjøkkenet blei flytta inn i det som tidlegare var ei av stovene.
Huset hadde tidlegare ikkje vassklosett. I staden måtte bebuarane nytta utedo i løa. På kjøkkenet var det likevel rennande vatn frå ei naturleg kjelde i skråninga ovanfor huset. Denne kjelda forsyner framleis huset med vatn til kjøkken, bad og toalett.
Den gamle, bratte trappa mellom etasjane blei riven og erstatta med ei ny svingtrapp laga etter mål. Ho står ein litt annan stad i huset og er langt mindre bratt enn den gamle.
Grønsåpe og gjenbruk
Innvendig har Gjertrud arbeidd mykje med å reinska tømmerveggene for gammal tapet, papp og maling.
– Eg har gått over veggane mange gonger med skrubbing i grønsåpevatn. Andre stader har eg brukt pusse- og slipeverktøy. Ein periode var dette arbeidet så dominerande at eg fekk eksenterslipar i bursdagsgåve, fortel ho.
Gjertrud legg til at heile familien har vore engasjert i oppussinga, og at også barna har hjelpt til etter beste evne.
Gjenbruk av materialar har vore eit viktig mål i prosjektet. Veggen på loftet mellom loftstova og toalettet er laga av kledningsbord frå den gamle løa og frå hovudhuset. Løa, som ein gong huste ei mjølkeku, ein kalv, tre sauer og nokre høns, har òg fått ny kledning.
Døra inn til toalettet i andre høgda er ei gammal fyllingsdør som nå er omgjord til skyvedør.
Huseigarane seier seg nøgde med resultatet, men Vigleik gjer det heilt klart:
– Dersom eg hadde visst då me starta kor mykje arbeid dette ville krevja, hadde me nok ikkje sett i gang.
Nintendo, bakst og lego
Leigebuar og prest Trude har også funne seg godt til rette i det renoverte huset og i naturen kring.
– Når eg skal førebu preiker og det iblant går litt tregt med å få orda fram på PC-skjermen, hjelper det å gå ein tur. Her på Lier er det særs gode turmoglegheiter rett utanfor døra.
– Men blir det ikkje litt stille å bu så avsides?
– Etter å ha budd i sentralt i Oslo i fleire år, kan eg forsikra at her på Lier er det langt mindre støy, seier Trude med eit smil.
Ho seier vidare at ho reknar seg som ekstrovert-introvert.
– Når eg har vore blant mange menneske og gitt mykje av meg sjølv, kjenner eg behov for å trekkja meg attende til fred og ro for å lada batteria. Dessutan trivst eg i eige selskap.
I tillegg til turar i nærområdet, nyttar ho fritida til sykling og litt anna fysisk trening. Innandørs likar ho å laga mat, særleg å arbeida med gjærbakst.
Dessutan spelar ho Nintendo når ho vil slappa av. Ho er også glad i Lego og har pynta fleire vindaugskarmar i stova med ulike typar og fargar av legoblomar.
– Eg har ikkje grøne fingrar, men dette er blomar eg får til — og dei held seg fine lenge.
Sommarfugl-hunden
Men me må ikkje gløyma å nemna dei to små hundane, som iblant gir lyd frå buret sitt under trappa i entreen.
Trude fortel at ho har ein vaksen hund og ein kvalp. Begge hundane tilhøyrer kjærasten. Ved sida av fast jobb i psykiatritenesta driv ho med oppdrett av slike hundar.
– Eg er berre heldig som får vera fôr-vert til desse dyra, seier Trude. Ho legg til at hundane er av rasen Papillon, som er fransk og tyder «sommarfugl» på norsk. Namnet kjem av at andletet og hovudet minner om ein sommarfugl, sidan øyro er relativt store og står ut til sidene som venger.
– Det er mykje godt selskap i slike hundar. Dei vil vera med, same kva eg skal gjera. Ikkje minst sit dei forventningsfulle på golvet på kjøkkenet når eg bakar.