nyhende

Politiet meldte tirsdag formiddag at en svart hest ble observert galloperende langs Tittelsnesvegen. Arkivfoto: Thomas Vallestad Drageset
Politiet meldte tirsdag formiddag at en svart hest ble observert galloperende langs Tittelsnesvegen.

Ein person fastklemd etter ulukke på E39

Ein person sat fastklemt etter ei trafikkulukke mellom to elbilar og ein lastebil på E39 mellom Liereidkryssa. Kvinne i 60-åra er sendt til Haukeland med luftambulanse

Publisert Sist oppdatert

SISTE: Alle tre bilane som har vore involvert i ulukka trengte bergingsbil for å bli fjerna.

– Det tar litt tid å rydda opp, men me reknar med å opna begge felt ganske snart, seier operasjonsleiar Steinar Knutsen ved Sør-Vest politidistrikt til Vestavind klokka 21.00.

Eit felt er no opna for trafikk, og det er manuell dirigering.

Ut frå meldingar frå ulukkesstaden trur politiet at dette er årsaka til ulukka:

Ein bil på veg nordover forsøker å unngå ein hjort i vegbanen og køyrer inn i bilen framfor seg. Den kjem over i motsett køyrebane, kor den kolliderer med ein lastebil på veg sørover.

Klokka 19.20 melder politiet at ei kvinne i 60-åra blir frakta til sjukehus i Bergen med luftambulanse. Dei tre andre som var involverte i ulukka framstår som uskadd eller lettare skadd og blir sjeka av helse på staden.

Trafikken står i begge retningar. Det er usikkert kor lenge trafikken blir ståande, og politiet foreslår å køyra via Fv. 4988 Liereidvegen på Geitåsen frå sør, og Træ frå nord.

Bilbergar er venta å vera framme klokka 20.10, og ein må rekna med at vegen blir stengt ei stund til. Det blir jobba på staden for å få fjerna eit køyretøy med brannbil for å prøva og opna ein køyrebane.

–  To personar skal vera lettare skadde i tillegg til den fastklemde, opplyser Sør-Vest politidistrikt på X/Twitter.

Politi, helse og brannvesen frå Sveio og Førde er på ulukkesstaden.

To luftambulansar var på veg, men den eine er no avbestilt. Den fastklemde er tatt ut av bilen, melder politiet rett før klokka 19.00.

Politiet varsla om hendinga klokka 18.39 måndag.

Powered by Labrador CMS