nyhende
– Ein opnare valkamp enn på lenge
Etter at regjeringssamarbeidet mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet havarerte er det meir usikkert enn på lenge kva parti som kjem til å samarbeide fram mot valet i haust. – Vi kjem til å gå inn i ein valkamp utan klare regjeringsalternativ på nokon av fløyene, trur valforskar.
Denne våren byrjar den norske valkampen for fullt. Eit tema som kan bli viktig i det politiske landskapet framover, og ikkje minst i valkampen, er kor proteksjonistiske vi skal vere overfor eigne interesser, kor nært forhold vi skal ha til EU og kor mykje internasjonalt samarbeid vi skal ha.
– Det vi ser er ei varm potet på begge sider av partiaksen. Framstegspartiet (Frp) og Senterpartiet (Sp) har lagt seg på ei heilt anna linje i desse spørsmåla enn styringspartia Høgre (H) og Arbeidarpartiet (Ap). Nøyaktig same konflikt finn ein no på begge sider av partiaksen. Eg trur dette vil føre til ein valkamp der ingen parti forpliktar seg til andre samarbeidspartnarar før valresultatet er klart, seier valforskar Svein Erik Tuastad ved Universitetet i Stavanger til Nynorsk pressekontor.
Småpartia blir avgjerande
Tuastad meiner oppslutninga til andre parti enn styringspartia Ap og H kjem til å bli avgjerande for kva samarbeidskoalisjonar ein vil sjå etter valet.
– Kor store SV, MDG, Sp, V, KrF, Frp og Raudt blir vil ha veldig mykje å seie for kva innflytelse dei får. Anten blir oppslutninga til desse partia med å avgjere kven som skal sitte i regjering, eller så blir det avgjerande for kva avtalar ei regjering skal få med stortingspolitikarane. Sp vil sannsynlegvis ikkje kunne diktere vilkåra for den kommande regjeringa slik dei gjorde i 2021, seier Tuastad.
Når Høgre og Arbeidarpartiet skal inngå eventuelle regjeringssamarbeid blir dei nøydde til å inngå kompromiss, men Tuastad meiner det er to felt Ap og Høgre aldri kjem til å la eventuelle samarbeidspartnarar diktere.
– KrF kan få pengar til noko kristent, Sp kan få pengar til landbruk, men når det gjeld oljeboring og EØS-samarbeid kjem styringspartia aldri til å gi etter.
Sp + Ap = lite sannsynleg
Forskar og statsvitar Jo Saglie ved Institutt for samfunnsforskning meiner det er lite sannsynleg at Ap og Sp vil finne tilbake til kvarandre etter regjeringssplittinga.
– Det vil kanskje virke litt rart å gå saman såpass kort tid etter brotet. På den eine sida vil nok partia kunne trivast med å markere eigen politikk i valkampen, men på den andre sida trur eg dette er noko partia på høgresida vil utnytte i valkampen. Dei kjem ganske sikkert til å spørje Ap og Sp kva deira regjeringsalternativ er, seier han.
Saglie trur samtalane om eventuelle samarbeidskollisjonar på venstresida først blir eit tema om dei raudgrøne får fleirtal etter valet.
– Viss dei raudgrøne misser fleirtalet etter valet, så er det ikkje grunnlag for ein ny raudgrøn koalisjon med det første, seier Jo Saglie.