nyhende
– Ein må klara å vera nøgd med det ein har her
Vekas sveibu er Beytullah Güner, eit kjend ansikt for fleire som klipper håret i Sveio.
– Kva gjer du til dagleg?
– Eg er frisør på salongen min. Den har eg hatt i snart 4 år.
– Kva er det beste med å vera sveibu?
– For min eigen del er det at folk er venleg og likar meg, og eg likar dei.
– Er det noko du saknar i Sveio?
Annonse
– Nei, eg har alt eg treng. Ein må klara å vera nøgd med det ein har her, meiner eg.
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Eg veit ikkje heilt.
– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
Annonse
– Det er så mange som eg kunne ha nemnd, så det vert urettferdig å berre nemne ein.