nyhende

teologistudent Runar Larsen
Søndag skal Runar Larsen vigslast til prest i Sveio kyrkje. ARKIVFOTO

— Ein historisk dag

Søndag vert sveibu Runar Larsen vigsla til prest i Sveio kyrkje. Det er nesten 30 år sidan sist vigsling.

Publisert Sist oppdatert

Biskop Ragnhild Jepsen frå Bjørgvin bispedøme kjem til Sveio for gjera vigslinga.

Vanlegvis er det motsett, at den komande presten dreg til domkyrkja, men ikkje denne gongen.

— Me var heilt tydelege på at Runar si vigsling må skje i Sveio kyrkje. Det er den som har vore med å bera han fram, seier Svein Arne Theodorsen, prost på Stord.

Vigsling i heimkyrkja

Larsen skal jobba som prest på Stord etter vigslinga. Theodorsen seier det er ein historisk dag for Sveio, på fleire måter.

— Det er ikkje ofte ein prest vert vigsla i Sveio, og i tillegg er han jo frå Sveio. Det er også første gong ei kvinne skal halda ei vigsling i dette bispedømet. Ragnhild Jepsen er ny biskop og skal søndag ha si første teneste i Sveio, seier Theodorsen.

Nesten 30 år sidan sist

Sist gong ein prest vart vigsla i kommunen var i 1994 eller 1995, i Førde kyrkje, fortel lokal prest Arild Steinsland.

For Theodorsen kan ikkje helga kome raskt nok.

— Me gler oss veldig til søndag, seier han.

Powered by Labrador CMS