nyhende

ILLUSTRASJONSFOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK

Ein hårsbreidd frå å miste lappen

Publisert Sist oppdatert

Ein sjåfør kan prisa seg lykkeleg for at vedkommande ikkje heldt ei fart på berre tre kilometer meir enn det politiet målte under ein en kontroll i ei 60-sone ved Ekrene på fylkesveg 47 torsdag kveld.

Sjåføren køyrde nemleg bilen som vart målt til høgast fart i 60-sona, med 83 kilometer i timen. Førarkortet ryk ved 86 kilometer i timen i 60-sone.

Til saman fekk fire bilførarar forenkla førelegg for fart under kontrollen, melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Politiet meldte først at kontrollen var på Krossleite, men det stemte ikkje. Kontrollen var ved Ekrene.

Powered by Labrador CMS