nyhende
Treng fleire matrosar – startar opplæring for vaksne:
— Ein har sikra seg jobb
Til hausten går Karmsund vidaregåande skule i gang med komprimert vaksenopplæring for matrosar. Med det ynskjer dei å medverka til rekruttering i den maritime næringa.
— Det er i dag ein stor, aukande trong etter matrosar i den maritime næringa. Dette er ei av dei største og viktigaste næringane i Noreg, med over 90.000 tilsette, seier Aina Lehmann, som er rekrutteringskonsulent i Maritim Opplæring Sørvest.
Difor ynskjer Karmsund vidaregåande skule å starta opp med matrosutdanning for vaksne. Opplæringa skal vera komprimert, som i praksis inneber at ho strekkjer seg over berre eitt år.
Trass i at opplæringa føregår på Karmsund i Rogaland, presiserer avdelingsleiaren for vaksenopplæringa i Rogaland, Ben Jerry Ellingsen, at òg sveibuar er velkomne til å søkja.
— Eg både trur og vonar at Rogaland og Vestland kan samarbeida. Målet vårt er jo å få folk ut i jobb og driva rekruttering i den maritime næringa, seier han.
Læreplass
Lehmann forklarer at det eittårige opplæringsprogrammet inkluderer Vg1 TIF (teknologi – og industrifag) og maritime fag på Vg2.
— Tilbodet er retta mot vaksne. Etter at dei har fullført programmet, kvalifiserer dei til å søkja læreplass som matros om bord på eit skip, legg Lehmann til.
Ho trur den komprimerte opplæringa vil kunna senka treskelen for å utdanna seg til matros.
— Treskelen vert mykje lågare no enn han har vore tidlegare, i og med at ein berre treng eitt år med opplæring før ein går ut i lære.
Opplæringa kombinerer nettbasert og fysisk undervisning.
— Difor må ein ha høve til å vera fysisk til stades på skulen, så det beste er naturlegvis at søkjarane held til i nærområdet. I og med at store delar av undervisninga er digital, skal det vera fullt mogleg å kombinera opplæringa med jobb og andre studium, seier Lehmann.
— Ein har sikra seg jobb
Ellingsen framhevar at søkjarane må ha dei såkalla fellesfaga innanbords for å melda seg på, det vil seia faga norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag.
— Gode språklege dugleikar i norsk og engelsk er naudsynte når ein jobbar som matros, seier han.
— Ein må òg kunna jobba turnus og ha godkjend helseattest for handa. Ein kan ikkje driva med rus og røykja hasj i helgene for å seia det sånn, held Ellingsen fram.
Sjølv om den komprimerte vaksenopplæringa er intensiv og krev stå på-vilje, kan Ellingsen ved vaksenopplæringa lova at ein har sikra seg jobb for framtida.
— Som matros har ein gode lønsvilkår, og ein har desidert sikra seg fast arbeid.
Likevekt mellom kjønna
Ifølgje Lehmann er ni prosent av lærlingane innanfor Maritim Opplæring Sørvest kvinner. På nasjonalt plan er målet deira er å auka delen kvinner til 40 prosent innan 2030.
— Me bruker jenter i annonsar, bilete og videoar for å endra tankegangen om at berre menn kan reisa på sjøen. Det ideelle er å ha ein god kjønnsbalanse i næringa, seier Lehmann.
Ho understrekar at både kvinner og menn er velkomne til å søkja innan mars er omme.